30.nov 2023

Skiping av Naturvernforbundet i Øygarden

Hva: Skipingsmøte
Når: 30.nov, kl. 19:00
Hvor: Kantina på Ågotnes skule

Alle medlem med adresse i Øygarden kommune er velkomne.

Sjø og øyer i Øygarden kommuneMona Maria Løberg

Gode medlem. Du er registrert som medlem i Naturvernforbundet Hordaland, med adresse i Øygarden kommune. Difor får du denne invitasjonen til å bli med oss og skipe eit nytt lokallag av Naturvernforbundet i Øygarden.

Me som tar dette initiativet har fått status som settestyre fram til lokallaget er skipa. Me håpar du vil vere med oss på skipinga.

Skipingsmøtet vil finne stad torsdag 30.november 2023 kl. 19.00 i kantina på Ågotnes skule. Kantina ligg like ved snuhammaren/av- og påstigningsplassen på skulen.

Agenda

Stifting av nytt lokallag:

  • Val av møteleiar, referent og protokollunderskrivar
  • Godkjenning av innkalling og dagsorden
  • Vedtekter for lokallaget
  • Økonomi i lokallaget
  • Val av styre
  • Aktivitetsplan for det komande året

Til styrevalet føreslår Settestyret desse kandidatane: Lene Kristin Hansen og Sunniva Vatle.

Vi oppmodar medlemmer til å kome med forslag til aktivitetar og saker ein ønskjer å jobba med i det nye lokallaget. I tillegg er alle medlemmer velkomen til å foreslå andre/fleire styrekandidatar.

Etter skipingsmøtet blir det føredrag av Lene Kristin Hansen. Ho vil fortelje oss om dei nye krava frå EU til klimarekneskap og berekraft i næringslivet.

Me håpar du vil vere med oss denne kvelden!

Med venleg helsing Settestyret: Sunniva Vatle, Lene Kristin Hansen og Trine Vik, i samråd med Naturvernforbundet i Hordaland.

Bli medlem i Naturvernforbundet!

Ingen kan gjøre alt, men alle kan gjøre noe. Sammen kan vi stanse klimaendringene og naturtapet. Send SMS med NATUR til 2002.