Du er her:

Den store restefesten

Tid: 19.08.2017 kl. 12:00-15:00

Sted: Festplassen i Bergen

Me nordmenn kastar årleg ein fjerdedel av maten vår rett i søpla. For å setja fokus på denne utfordringa, og for å visa kor nydelege måltid ein kan få ut av mat som var tiltenkt søppelkassa, vert det restefest på Festplassen 19. august!

BIR

Foto: BIR

I samarbeid med Naturvernforbundet og ei rekke andre aktørar ynskjer BIR og Bergen kommune velkomne til årets restefest. Ta med ditt eige bestikk og fat, kom til Festplassen og bli med! Kokkar frå anerkjende restaurantar lagar deilig restemat av mat som eigentleg skulle ha vore kasta, og deler ut mat gratis.

Gjennom kampanjen "Ta vare på det du har"  gjer Naturvernforbundet Hordaland det enklare å reparera framfor å kasta og kjøpa nytt. På Restefesten står me på stand ved sida av eit lite knippe av dei reparatørane i Bergen som kan hjelpa deg når tinga som du er glad i har blitt øydelagde. I Hordaland er BIR, Hordaland Fylkeskommune og Miljødirektoratet, gjennom ordninga Den naturlige skolesekken, viktige støttespelarar for "Ta vare på det du har".

Den syklande dokumentaren, "Utgått på dato", som handlar om fire vener som lever av svinnmat frå butikkane medan dei syklar Noreg på langs, vert vist på storskjerm. Det vert også matverkstad for barn, og reparatørar og redesignarar vert med for å visa oss korleis me kan få ein meir miljøvennleg livsstil. Du kan òg få kjøpt redesigna produkt, tøyposar, handlenett og miljøvenleg emballasje med meir.

Sjå Facebook for meir informasjon om arrangementet.

Velkomen til restefest!

 

Gjer som over 60 andre - bli frivillig i Naturvernforbundet Hordaland du òg! Les meir og meld deg på . Spørsmål? hordaland@naturvernforbundet.no

Vil du finna ut meir om det som skjer?