Du er her:

  • Hordaland
  • Dugnadshelg mot framande artar i Ånuglo naturreservat

Dugnadshelg mot framande artar i Ånuglo naturreservat

Fra 23.09.2017 til 24.09.2017 kl. 23:59

Sted: Ånuglo naturreservat

Bli med på ein spennande og lærerik helgetur til Ånuglo på dugnad mot pøbelgran og andre framande artar som trugar naturreservatet. Reise, opphald og mat vert dekka for deltakarane. Meld deg på i skjemaet under!

Magnus Johan Steinsvåg

Foto: Magnus Johan Steinsvåg

 

Brunsneglen har blitt ein kjend svartlisteart i Noreg, og dei fleste har fått med seg problema den medfører - men kva med dei andre framande artane som har gjort sitt inntog i Noreg?

Sitkagran og andre framande bartre-artar (også kjend som pøbelgran) vart planta i stort omfang etter andre verdskrig, og er i no ferd med å spreia seg som ugras langs heile kysten frå Agder til Troms. Desse framande treslaga spreier seg i høgt tempo og fortrenger den opphavlege naturen og det biologiske mangfaldet, noko som er spesielt problematisk i det sårbare kystlandskapet. Derfor arrangerer Naturvernforbundet nasjonal dugnad mot framande artar i samarbeid med WWF, Sabima og Botanisk foreining.

I Ånuglo utgjer sitkagran og andre framande bartre-artar det største trugsmålet mot naturverdiane i reservatet. Naturvernforbundet Hordaland, Vestlandsavdelinga i Botanisk foreining og Fylkesmannen i Hordaland inviterer derfor til dugnad mot pøbelgranene i september.
Trude Myhre. Foto: Arne Nævra

WWF sin dyktige og entusiastiske skogbiolog Trude Myhre er blant dei som vert med oss på turen og deler av sin rike kunnskap om svartlisteartar og naturmangfald. Me reiser frå Bergen lørdag morgon den 23. september og vil vera tilbake søndag ettermiddag/kveld den 24. Me overnattar i dei koselege rorbuene ved sjøen på Laukhamar.

Transport, overnatting og mat vert dekka for alle deltakarar.

 

Det er kapasitet til 24 deltakarar, så her er det første mann/kvinne til mølla! Bruk skjemaet under for å melda deg på.

 

 

Gjer som over 60 andre - bli frivillig i Naturvernforbundet Hordaland du òg! Les meir og meld deg på . Spørsmål? hordaland@naturvernforbundet.no

Vil du finna ut meir om det som skjer?