Du er her:

  • Hordaland
  • 10 ting du kan gjera for miljøet heime

10 ting du kan gjera for miljøet heime

Me tilrår aktivitetar, filmar og lesestoff - og mykje meir.

Snarveg: 1) Reparar noko! 2) Reduser plastbruk i heimen 3) Plant humlevenlege blomar 4) Ta kampen mot skadelege framande artar 5) Lag insekthotell og/eller fuglekasse 6) Gå på naturskattejakt! 7) Sjå etter fuglar, lag heimelaga meisebollar 8) Skal du pussa opp? Tenk på energitiltak! 9) Sjå natur- og miljødokumentarar og seriar 10) Les tidsskrift om natur og miljø 11) Engasjer deg!

 

Image1) Reparer noko!

Har du klede med hol, ein øydelagt glidelås, knust mobilskjerm eller riper i trebordet? Få tips til korleis du kan reparera tinga dine på tavarepådetduhar.no. For kvar ting me reparerer i staden for å kjøpa nytt, sparer me miljøet for klimagassutslepp og ressursbruk!


 

Image2) Reduser plastbruk i heimen

Vert det brukt mykje plast heime hjå deg? Kan du erstatta plastfolie, plastposar og kjøkkenreiskap med meir varige alternativ? Her er nokre konkrete tips til korleis du kan bruka mindre plast.

 

 

 

Image3) Plant humlevenlege blomar

Humlene treng hjelp, og du kan vera med å hjelpa dei. Har du hage, balkong eller kjøkkenhage, kan du planta blomar og plantar som humlene likar. Her finn du ei liste over humlevenlege plantar. Det er ikkje for tidleg å begynna å jobba i hagen!

Les meir om kva du kan gjera i din eigen hage og balkong og ta ein kikk på lahumlasuse.no og detgronneskafferi.com.

 

Image4) Ta kampen mot skadelege framande artar

Du har sikkert fått med deg kor mykje skade brunsneglen kan gjera, men visste du at det også finst “brunsneglar” i planteverda? I Noreg er 242 artar definert som framande artar med høg eller svært høg skaderisiko. Det betyr at dei dominerer og fortrenger det opphavlege artsmangfaldet, og dei spreier seg ofte svært fort. Mange har slike artar i hagen utan å vera klare over det, fordi desse plantane ofte er vakre og toler mykje. På denne sida kan du sjå vanlege hageplantar som kan gjera stor skade, korleis du kan verta kvitt dei, og gode alternativ.

 

Image5) Lag insekthotell og/eller fuglekasse med barn eller barnebarn

Hjelp insekt og fuglar under press med å laga nye heimar eller “hotell” til dei. 

Slik lagar du insekthotell.

Slik lagar du fuglekasse.

For insekt er den aller beste heimen daud ved eller gamle tre - så om du har gamle tre på eigedomen din, velta tre eller stokkar - lat dei vera!

 

Image6) Gå på naturskattejakt!

Skriv ut eller last ned naturskattekartet vårt og ta det med på tur. Klarar barna å finna alle? Kanskje dei kan få ein premie av dei vaksne? Last ned utan fargar: Ipad | Print A4-ark. Med fargar: Ipad | Print A4-ark.


 

Image7) Sjå etter fuglar, lag heimelaga meisebollar

Det finst mange gode nettsider og appar der du kan læra deg å kjenna igjen fuglane, til dømes: 

Har du lyst å laga meisebollar til svolte vårfuglar? Her finn du oppskrifter og framgangsmåtar.


 

Image8) Skal du pussa opp? Tenk på energitiltak!

Det aller største kraftverket i Noreg er energisparing og effektivisering! Den aller mest miljøvenlege energien er den me ikkje bruker. Me eit kjempestort potensiale i å redusera straumforbruket i heimane våre, og det beste er å gjennomføra energitiltak når du likevel skal pussa opp. Finn ut kva tiltak som kan vera aktuelle for deg på energismart.no.


 

9) Sjå natur- og miljødokumentarar og seriar

Det er eit stort utval av filmar og seriar om natur og miljø. Her fylgjer ein liten oversikt, med linkar til kor videoen kan straumast. Mange av filmane har blitt vist på filmfestivalen BIFF, som kvart år har eit godt utval av gode miljøfilmar. 

Image
Birders 
(2019) Netflix
Fuglekikkarar på begge sider av grensa mellom USA og Mexico deler entusiasmen for å verna nokre av verdas vakraste artar.

Image
Chasing coral (2017) Netflix
Dykkarar, forskarar og fotografar verda over sett i gang ein storstilt under-vatn-kampanje for å dokumentera korleis korallreva er i ferd med å forsvinna.

Image
Mission Blue (2014) Netflix
Denne dokumentaren fylgjer havforskaren Sylvia Earle og hennar forsøk på å redde verdas hav frå trugsmål som overfiske og giftig avfall.

Image
Plastic China (2016) NRK TV, Amazon Prime og Vimeo
Kina er verdas største importør av plastavfall og bortimot 30 byar sin økonomi er bygd rundt prosesseringa av søppelet. I denne filmen treffer me elleve år gamle Yi-Jie som jobbar på eit gjenvinningsanlegg. 

Image
Terra
(2015) Netflix 
Ein vakker dokumentar om forholdet me har til andre levande vesen, når me blir stadig meir isolert frå naturen.

Image
The Ivory Game (2016) Netflix
Elfenbeinhandelen er under lupa og aktivistar infiltrerer det korrupte miljøet som driv den afrikanske elefanten mot utrydding.

Image
How to change the world (2015) Netflix og Vimeo
Historia om korleis Greenpeace vaks frå ein spontan protest på 70-tallet for å stoppa Richard Nixon sine atomprøvesprengninger i Alaska, til å bli ei global rørsle.

Image
A flickering truth (2015) Vimeo
Taliban erklærte forbod mot film, og Afghan Films vart truga til å brenna filmrullar. Mykje vart heldigvis gøymt unna, og denne filmen viser ei nesten 100 år gammal filmarv av afghansk kultur.

Image
Bjørnøya (2014) Vimeo
Tre brør drar til Bjørnøya for å surfe. Sysselmannen på Svalbard er skeptisk og meiner at faren for at liv går tapt er for stor. Landskapet blir deira leikegrind, og paragliding og snøbrettkøyring fyller dagane. 

Image
Bugs (2016) Vimeo
Ein forskar og to kokkar reiser verda rundt for å læra av dei to milliardar menneska som et insekt. Vi får følge med på deira samtalar og opplevingar i naturen, på forskningslaben, gardsbesøk og internasjonale konferansar.

Image
The Human Scale (2012) Vimeo
Den danske arkitekten Jan Gehl har dei siste femti åra observert korleis det moderne bylandskapet hindrar menneske å møtast. Gehl sine tankar om å skapa inkluderande byar med fotgjengarar og syklistar i fokus, har blitt meir aktuelle med dagens miljø- og klimaspørsmål.

Image
The Islands and the Whales (2016) Vimeo
Eit historisk perspektiv på Færøyane, frå det vart busatt på 800-tallet til dagens, moderne samfunn. Gamle tradisjonar møter plastforureining og kvalar med store mengder kvikksølv. 

Image
Urbanized (2011) Vimeo
Korleis utforma gode byar som veks? Denne dokumentaren ser på utfordringar og strategiar som ligg bak byutvikling. Her fortel arkitektar, planleggarar, politikarar, entreprenørar og tenkarar om sine syn. 

Image
Avkledd NRK TV
Jenny Skavlan elsker klede. Med rare påfunn og spenstige eksperimentar avkler ho kvifor vi kler oss som vi gjer.

Image
En verden av sopp (2020) NRK TV
Den er livsviktig og livsfarleg, urgammal og lever overalt. Lat deg fascinera av ei mystisk og mangfaldig livsform.

Image
Hvorfor gjør vi så lite når vi vet så mye? NRK TV
Klimapsykolog Per Espen Stoknes ved BI viser hva mekanismar det er i oss som gjer oss til klimasinkar, sjølv om me veit betre.

Image
Den fantastiske villaksen NRK TV
I løpet av de siste tretti åra har mengda villaks i Noreg blitt halvert. Kenneth Bruvik prøver å finna ut kva som har skjedd.

Image
Klimaarven NRK TV
Olja har gjort Noreg til eit av verdas beste land å bu i, men også til klimaversting. No gjer verdas unge opprør mot den klimaarva som ventar dei.

Image
Klimakatastrofen vi unngikk? NRK TV
Utan Ronald Reagans og Margaret Thatcher sine handlingar på 1980-tallet ville verda i dag stå overfor global hungersnød, samanbrot av økosystem og ei befolkning som kanskje måtte leva om natta for å unngå faren for hudkreft.

Image
Min natur NRK TV
Åtte naturentusiastar formidlar naturopplevingar i sin natur, men også om kva som trugar denne naturen. 

Image
Planet Plast NRK TV
Line vil redda kvalane, fiskane og fuglane som døyr av plasten i havet. Kva må me gjera no, før det er for seint?

Image
Line fikser maten NRK TV
Kan du redda verda ved å eta annleis? Line Elvsåshagen undersøker korleis me best kan ta vare på planeten me bur på og dyra me deler den med.

Image
Live redder verden. Litt. NRK TV
Kva skjer når ein storforbrukar gjer alt ho kan for å bli miljøvenleg? Live snur livet på hovudet i eit forsøk på å redde verda. Litt.

Image
Planetpatruljen NRK TV
Ein er aldri for liten til å gjera noko stort og alle kan gjera litt. Eit miljøprogram for dei yngste.

Image
Zoom inn på jorda NRK TV 
Storslagne flyttestraumar, årstider og tidevatn. Avanserte satellittkamera fortel historia om livet på jorda frå eit heilt nytt perspektiv.

Image
The story of stuff YouTube
Ein rask gjennomgong av baksida av forbrukarsamfunnet - med tanke på menneske og miljø.

Image
Anote’s Ark (2018) VG TV+
President Anote Tong sitt mangeårige arbeid for å skapa merksemd rundt klima, både for å redda heimlandet og for å hindra at resten av verda lid samme skjebne. I Kiribati i Stillehavet er krisa her no: delar av øyane ligg under vatn og er prega av kraftigere tyfonar.

Image
Thank you for the rain (2017) Aftenposten
Klimaendringane trugar livsgrunnlaget til den kenyanske bonden Kisilu. No sloss han både heime og globalt for å redda planeten og familien frå svolt. 

Image
The devil we know (2018) Apple TV+
Provoserande dokumentar om kjemikaliegiganten DuPonts forgifting av byen Parkersburg i delstaten Vest-Virginia. Dei har sidan 1945 produsert teflon, som førte til utslepp av giftige biprodukt i drikkevatnet. 

Image
Chernobyl (2019) HBO Nordic
I april 1986 eksploderte ein av dei fire reaktorane i Tjernobyl kjernekraftverk i Sovjetunionen, som er kjent som verdas verste kjernekraftulukke. Miniserien viser kva feil som førte til ulukka, og arbeidet som vart gjort for å minimera skadane. 


 

Image10) Les tidsskrift om natur og miljø

Akkurat no er det gratis tilgang på fagtidsskriftar på Idunn. Der kan du fordjupa deg i tidsskrift som Kart og plan, Naturen og Plan

Natur&Miljø er medlemsmagasinet til Naturvernforbundet, og har publisert arkivet sitt med utgjevningar som strekk heilt tilbake til 1965. 

NaturVest er medlemsmagasinet til Naturvernforbundet Hordaland. 

PUTSJ er eit magasin for unge om miljø, kultur og aktivisme, av Natur og Ungdom. 

Harvest er eit nettmagasin om menneske, miljø og natur. 

2°C er eit magasin som formidlar oppdatert kunnskap om klima og klimaløysingar. Det vert gjeve ut av Norsk klimastiftelse. 
 

11) Engasjer deg!

Naturvernforbundet jobbar med ei rekke forskjellige saker, og me har mange frivillige som bidreg på forskjellige måtar. No som alle arrangementa våre er utsett av smittevernomsyn, jobbar me likevel med å lesa oss opp på saker, skriva høyringsuttalar og planlegga arrangement me skal gjennomføra når koronaepidemien er over.

Nokre saker/tema me jobbar med:

  • Samferdsel
  • Nye naturvernområde
  • Vassdragsvern
  • Vindkraft
  • Plast og forsøpling
  • Framande artar
  • Naturmangfald

Ta kontakt med oss på hordaland@naturvernforbundet.no om du er interessert i å engasjera deg!

 

Artikkelen ble sist oppdatert: 31.03.2020

Nyheter

Viser fra 1 til 4 av totalt 500 artikler