Du er her:

Bli med på helgetur til vakre Lygra 5.-7. april!

Tradisjonen tru inviterer Naturvernforbundet Hordaland til ei sosial, hyggeleg, lærerik og inspirerande helg på idylliske Lygra i Nordhordaland. Dette har vore ein knallsuksess tidlegare år, og me ser fram til triveleg samvær på koselege Lygra Gjestegard også i år! Dette er eit fint høve for både nye og gamle frivillige til å verta betre kjent - både med kvarandre og aktuelle saker, samt å læra nye triks for å vinna miljøkampar. Ikkje minst kan me lova godt selskap, god mat, underhaldning og turar i vakker kystlynghei.

Det er avgrensa plassar, så meld deg på i god tid, og seinast 3. april. Deltakaravgifta (400,- for vaksne, 200,- for ungdom/student) dekkar to overnattingar på Lygra Gjestegard, middag fredagskveld, alle måltid laurdag, frukost og lunsj sundag. Du treng ikkje ta med sengetøy og handkle, det er inkludert. Ta med det du vil drikka sjølv. Dette blir kjekt!

Meld deg på i skjemaet under, eller trykk på linken: https://goo.gl/forms/wrJXX3z9BPN0qryb2 

 


PROGRAM:

Fredag 5. april:
Kl. 17.10: Ankomst og middag
Kl. 18.15: Kveldsføredrag om korleis vinna saker, ved Tom Skauge, nestleiar i Naturvernforbundet Hordaland - spørsmål og diskusjon
Kl. 19.30: Sosialt samvêr, underhaldning og hygge utover kvelden

Laurdag 6. april
Kl. 09.00: Frukost
Kl. 10.00: Naturbyen Bergen - presentasjon av vår visjon, ved Ingvild Johnsen i visjonsgruppa og styret og styreleiar Gabriel Fliflet
Kl. 10.30: Vindkraft - korleis kan natur og klima gå hand i hand? ved Synnøve Kvamme, fylkessekretær i Naturvernforbundet Hordaland, diskusjon
Kl. 12.30: Tur i lyngheia - fritid
Kl. 14.00: Varm lunsj
Kl. 15.00: Energi: Vegen framover, føredrag ved Holger Schlaupitz, fagsjef for natur og klima i Naturvernforbundet sentralt, diskusjon
Kl. 17.00: Fritid
Kl. 19.00: Middag
Kl. 20.00: Sosialt samvêr, underhaldning og hygge utover kvelden

Sundag 7. april
Kl. 09.00: Frukost
Kl. 10.00: Klimakamp med blikk for sosial rettferd, diskusjon etter innlegg ved Hallvard Birkeland, styremedlem og primus motor i Klimaopprøret
Kl. 12.00: Leik/aktivitetar ute
Kl. 13.00: Lunsj
Kl. 14.30: Heimreis
 

Om nokon framleis er usikre på om dei skal bli med, kan ein kontakta kontoret på 55300660 / hordaland@naturvernforbundet.no for å bli overtydd. Der kan du også få svar på det du måtte lura på.

 


Korleis betaler eg?
- Vipps til 20910 - hugs å skriv namn og "naturvernhelg".
- Nettbankbetaling til kontonummer 90130539377, merk betaling med "naturvernhelg" og namnet ditt.


Kva bør eg ha med meg?
- Varme og vanntette klede og fottøy.
- Eiga drikke etter ynskje.
- Sengetøy og handkle treng du ikkje ha med, då dei har dette på Lygra Gjestegard


Underhaldning?
Har du ein lyrikar, musikar, satirikar, komikar, fysikar(?) eller quizmaster i deg, som vil bidra med underhaldning til naturvernhelga? Eller har du kanskje idéar til nokon andre som innehar nokre av kvalitetane skissert ovanfor? Ta kontakt med Synnøve: hordaland@naturvernforbundet.no / 55300661.

ImageImage

Image

ImageImage

Foto: Siri Vatsø Haugum, Borgar Emanuelsen Bohlin og Mona Maria Løberg.


www.naturvernforbundet.no/medlem

Nyheter

Cruise Bergen
Innspill til sak

Begrensing av cruisetrafikken

06.09.2018

Vi krever ytterligere begrensinger på cruisetrafikken. Verdensarvbyen Bergen må stille likt med verdensarvfjordene - kun utslippsfrie cruisebåter fra 2026!

Gutt viser frem Iphone med fikset skjerm
TA VARE PÅ DET DU HAR

Lær å fikse din egen telefon

20.08.2018

Har du knust skjermen på IPhonen din? Har du lyst til å lære å fikse den selv? Nå har du sjansen! Vi inviter til flere mobilreparsjonskurs denne høsten.

WWF Regnskog på Vestlandet TM 6
Naturlig onsdag: Vestlandets hemmelige regnskoger

Vern flere skoger

13.08.2018

Skogbiolog Trude Myhre vokste opp i naturen: hun klatret i fjell og ruslet i skog. Så det er kanskje ikke så merkelig at naturen ble en del av hvem hun er nå.

Viser fra 29 til 32 av totalt 500 artikler