Du er her:

  • Hordaland
  • Eg tenkjer på korallane i Samlafjorden

Eg tenkjer på korallane i Samlafjorden

Hardangerfjorden slik me kjenner han, vart utgraven då den store innlandsisen trekte seg tilbake for meir enn 10.000 år sidan. Etter den tida har livet i fjorden tilpassa seg botntilhøve, vasskvalitet og næringstilgang.

Forskarar ved Havforskingsinstituttet meiner det er gode grunnar til å tru at koralldyra kan ha vore i fjorden nesten like lenge. Frå område lengre ute fjorden der kartlegginga er betre, vert korallreva skildra som «hengjande hagar» som lever i dei bratt fjordsidene ned til over 600 meter djup. Desse koloniane av korallar er sårbare økosystem som også er viktige oppvekstområde for fiskeyngel. Kanskje er korallane ein av grunnane til at mellom anna kveite og blålange, som er på raudlista, har faste gyteplassar i Samlafjorden. Alt dette viktige samspelet mellom livet i fjorden veit me diverre alt for lite om. Korallane er lite kartlagde, men både ved Kvamsøy og Mælen er dyra påvist i dei punktvise undersøkingane i samband med konsesjonssøknadane til Lingalaks og Eide fjordbruk. Fleire av korallartane som er påvist, er eller kan koma på raudlista for for ekstra sårbare korallar.

2000 lastebillass med avfall årleg i Kvam og Ullensvang

Havforskingsinstituttet viser i rapporten «Hengende korallhager i kandidatområde for marint vern i ytre Hardangerfjord» til at utslepp frå fiskeoppdrett og anna ureining er den største faren for korallane og dermed livet i fjorden som er knytt til korallane.

Sjølve koralldyra lever inne i kalkskall som står fast på botnen og kan ikkje flytta seg når dei vert utsett frå slam. Eit oppdrettsanlegg spreier slammet minst 1 kilometer frå anlegget og slammet frå kvart anlegg kan dermed dekka eit botnområde på kring 3000 dekar. Eit anlegg som produserer 3000 tonn fisk slepper rundt rekna ut 1500 tonn møk og forrestar årleg. Rekna i lastebillass på 10 tonn, vert det 150 lass. Ut frå produksjonen som er søkt om, kan det såleis verta tømt eit lass med næringsrikt avfall frå dei to omsøkte anlegg i Samlafjorden nesten kvar dag året rundt,

Viss den totale produksjonen innafor Varaldsøy, i Kvam herad og Ullensvang kommune, er på 40.000 tonn fisk årleg, vert ureininga frå denne industrien over 2000 lastebillass årleg.

Slik situasjonen er no vert det ikkje sett krav om at oppdrettsindustrien må rydda etter seg. Når eit område er øydelagt og ikkje godt nok til oppdrett, kan det søkjast om flytting og ureininga kan spreiast på ein ny stad. Eit aktuelt døme er Lingalaks sin søknad om flytting på Tveitnes utafor Ålvik.

Ureininga som ressurs

Dei viktigaste næringsstoffa i fiskemøk og forspill er nitrogen, fosfor og organisk stoff. I dei vanlege berekningane frå Havforskingsinstitutet vil produksjon av 40000 tonn rund fisk føra til utslepp av 20000 tonn møk og forspill. I tillegg kjem utslepp frå setjefiskanlegga, truleg omlag 2000 tonn. Utsleppa er ein viktig ressurs av næringsstoff. Med produksjonen som er nemnt ovafor, kan avfallet innehalda omlag 2000 tonn nitrogen, 440 tonn fosfor og nesten 5000 tonn organisk stoff. (Same omrekningstal som Miljødirektoratet brukte på eit seminar i Florø 5. febr. 2020, oppdrett av postsmolt, 70 – 1000 gram). Naturvernforbundet vil understreka at dette er runde og usikre tal. Me er samd med Miljødirektoratet som skriv at kunnskapen må aukast: «Det må skapast ei felles forståing av utsleppsmengder, betre dokumentasjon og auka kunnskapsgrunnlag».

Ureininga er såleis ein ressurs som må takast vare på og kan brukast til produksjon av til dømes biogass og jordforbetringsmiddel. Slik produksjon kan også gje arbeidsplassar.

Uansett er utsleppa i dag så store at nye område for oppdrett ikkje må takast i bruk. Oppdrettsindustrien må rydda opp etter seg slik at korallane og resten av livet i fjorden har ei leveleg og god framtid.


Artikkelen har tidligere blitt publisert i Hordaland folkeblad og Hordaland

Artikkelen ble sist oppdatert: 15.06.2021

Nyheter

Viser fra 41 til 44 av totalt 500 artikler