Du er her:

  • Hordaland
  • Forslag til tiltak i Bergen kommune i FN sitt tiår for naturrestaurering

Brev til byrådet i Bergen

Forslag til tiltak i Bergen kommune i FN sitt tiår for naturrestaurering

Me vil gjerne bidra til realiseringa av Bergen som den grønaste storbyen i Noreg, og føreslår konkrete tiltak som me meiner Bergen kommune bør prioritera å restaurera innan 2030.

 

Bergen har som mål å bli Noregs grønaste storby – då må kommunen bli ein spydspiss i arbeidet med å ta vare på naturen. FN har slått fast at det ikkje lenger er nok å slutta å øydelegga natur, me må i tillegg reparera natur me allereie har forringa og øydelagt. Å ta vare på artsmangfaldet er kritisk for å nå alle dei 17 berekraftsmåla. Naturvernforbundet Hordaland vil gjerne bidra til realiseringa av Bergen som den grønaste storbyen i Noreg, og vil med dette derfor føreslå konkrete tiltak og forslag til område me meiner Bergen kommune bør prioritera å restaurera innan 2030.

Eit utgangspunkt i dette arbeidet kan vera følgjande styringsverktøy, som me oppmodar dykk om å implementera som føresetnader i kommunen sine arealplanar:

  • Utarbeida ein strategi og kommunedelplan for naturmangfald.
  • Full stopp i dispensasjonar som tillét utbygging i intakt natur og på matjord.
  • Vedta arealpositivitet som styringsmål.

Det vil seia at:

  • Målet er å slutta å gjera inngrep som skadar naturen.
  • I dei tilfella ein ikkje kan unngå å gjera naturinngrep, som t.d. ved bygging av infrastruktur som er avgjerande for å nå mål om kollektivtransport og tilrettelegging for gåande og syklande, skal det føreligga ein konkret plan for restaurering av eit øydelagt/forringa naturområde ein annan stad som er minst like stort som naturen som går tapt grunna utbygginga.

Tiltaka og forslaga våre er skisserte i framtidsvisjonen «Gode, grønne Bergen 2030: En by for bier og bergensere». Her vil me kort nemne nokre generelle tiltak, samt forslag til konkrete område for restaurering:

Generelle tiltak

  • Gjera grå flater grøne: Gjera parkeringsplassar og parkeringshus om til parkar og grøntområde
  • Restaurera naturleg vegetasjon og kulturlandskap på byfjella ved å fjerna uynskte plantefelt av framande treslag, og oppretta grøne korridorar mellom dei ulike byfjella.
  • Restaurera deler av parkområde i Bergen til blomsterenger, insekt- og småkryphabitat.

Konkrete tiltak

  • Store Lungegårdsvannet: knyta dette til pågåande restaureringsarbeid ved bystranda og utvida heile strandsona rundt vatnet. Forby vannscooter-køyring.
  • Møllendalselva: For å betra miljøtilstanden og tilhøva for sjøaure, bør minstevassføringa aukast. Kanalisering og forureining må reduserast, og kantvegetasjon reetablerast.
  • Marineholmen: Fjerna parkeringshus og parkeringsplassar på Marineholmen og utvida Nygårdsparken slik at me får ein grøn korridor frå sjøfronten til Damsgårdstunet.
  • Langeskogen: Støtta Langes legat sitt arbeid med frivillig vern av Langeskogen.
  • Øvre Selvik: Restaurera slåtteng og hagemark på den nedlagte garden.
  • Munkedammane ved Eikelundtjern: Restaurera vassdraget med svartorsumpskogen og kulturminnet ved å fjerna ulovleg etablert parkeringsplass.
  • Unneland: Restaurera kulturlandskapet, følga opp og utbetra naturkvalitetane ved tildekkingsprosjektet på Unneland slik at Vipebestanden i Bergen ikkje døyr ut.
  • Ytrebygda sør for Flyplassvegen, rundt Kalandsvatnet og Sandalen: Ta vare på det resterande kulturlandskapet og legga til rette for friluftsaktivitetar og naturopplevingar som eit vern mot framtidig utbygging.
  • Nesttun: Flytta eller fjerna parkeringshuset slik at elva kjem til syne.
  • Mindemyren nord: Restaurering av vassdraget som ein del av planarbeidet våren 2021.
  • Heile Bergen kommune: Restaurera natur, sårbare vassdrag og gamle ferdslevegar/kulturminne ved å fjerna skogsbilvegane som er ulovleg bygd på miljøfarleg avfall. Minst 7 lokalitetar innan kommunegrensa er utsette for omfattande miljøkriminalitet i form av massedumping kamuflert som vegbygging, forutan baksida av Lagunen/Apeltunvatnet, som «kun» er dumpingplass for byggeavfallet:
    • Fanafjellet
    • Haugo-Bratland, Haukeland
    • Hausdalen sør (Smørkisvegen)
    • Hordnes
    • Hylkje/Hordvik «Veten rundt»
    • Bontveit-Hausdalen nord (Smogakampen)
    • Øyjorden-Langevatnet (over Eidsvågfjellet)
  • Kulturhistorisk hage i Strangehagen på Nordnes: Bevare det som kanskje er den einaste hagen av ein viss storleik som er igjen på Nordnes. Historiske kart viser at dette området ikkje har vore utbygd før.
  • Apeltunvassdraget og Steinsvikvassdraget: Reetablera kantvegetasjon og oppretting av grøne korridorar og restaurering av gyte- og oppvekstområda til sjøaurebestanden.

Dette er ikkje ei fullstendig liste over forslag til tiltak og restaurering, men nokre utvalde område kommunen kan vurdera å starta med. Me ser fram til vidare samarbeid med Bergen kommune og håpar å koma fram til ei felles forståing av kva me bør prioritera i arbeidet med å gjera Bergen til den grønaste og mest artsrike storbyen i Noreg.

 

Med venleg helsing

Naturvernforbundet Hordaland

 

Gabriel Fliflet                        Harald Simonsen                                            Synnøve Kvamme

Leiar                                       Leiar Naturmangfaldsgruppa                        Fylkessekretær


Les brevet som PDF.

Artikkelen ble sist oppdatert: 21.04.2021

Nyheter

Viser fra 37 til 40 av totalt 500 artikler