Du er her:

  • Hordaland
  • Halvparten av Hordfast skal betalast med bompengar

Halvparten av Hordfast skal betalast med bompengar

Kan kosta 7-800 kr per passering. - Det vil skremma så mange frå å køyra vegen at finansieringsgrunnlaget for heile prosjektet blir dramatisk svekka, seier nestleiar Tom Skauge i Naturvernforbundet Hordaland.

Ei Hordfast-utbygging vil ikkje berre øydelegga den særeigne naturen på Reksteren og Tysnes og skjergarden i Søre Øyane. Ifølgje nye anslag frå Statens vegvesen vil det også bli svimlande dyrt å køyra over gigantbrua, kanskje så mykje som 7-800 kr per passering. Heile 17,4 milliardar kroner av prislappen på 36,7 milliardar skal betalast av bilistane.

- Vegvesenet prøver seg med ein gigantisk bompengebløff, seier nestleiar i Naturvernforbundet Hordaland, Tom Skauge, til NRK. - Over 17 milliardar kroner i bompengar vil gi mykje dyrare passering enn dagens ferjebillett.

Har pendlarane som skal rettferdiggjera Hordfast-utbygginga råd til å betala 7-800 kr i bompengar kvar dag? Viss ikkje, kva vil skje med trafikkgrunnlaget som Statens vegvesen legg til grunn for heile Hordfast, som føreset ein kraftig auke i bilismen?

Dei skyhøge bompengekostnadane er etter Naturvernforbundet Hordaland sitt syn endå eit argument for at Hordfast må skrinleggast.

Sjå våre kortfilmar om Hordfast:

 

Lurer du på kva slags samferdselsutvikling Naturvernforbundet Hordaland jobbar for?

Les vårt innspel til Nasjonal Transportplan 2022-2033 og vår første visjon for Gode, grønne Bergen 2030.

Artikkelen ble sist oppdatert: 20.04.2020

Nyheter

Honey bee(1)
Velkommen til Naturlig onsdag på Verdas Miljødag 5. juni kl. 19-21:

Kva betyr FNs naturpanel sin rapport for Noreg og Bergen?

10.05.2019 | Sist oppdatert: 31.05.2019

Naturen er i krise: 1 million artar står i fare for å døy ut på grunn av menneskeleg aktivitet. Aldri før har me øydelagt naturen i eit høgare tempo, og arealbruken vår er den klart viktigaste årsaka.

Naturen på Lygra_av Mona Maria Løberg

Bli med på helgetur til vakre Lygra 5.-7. april!

22.03.2019 | Sist oppdatert: 22.03.2019

Tradisjonen tru inviterer Naturvernforbundet Hordaland til ei sosial, hyggeleg, lærerik og inspirerande helg på idylliske Lygra i Nordhordaland. Dette har vore ein knallsuksess tidlegare år, og me ser fram til triveleg samvær på koselege Lygra Gjestegard også i år! Dette er eit fint høve for både nye og gamle frivillige til å verta betre kjent - både med kvarandre og aktuelle saker, samt å læra nye triks for å vinna miljøkampar. Ikkje minst kan me lova godt selskap, god mat, underhaldning og turar i vakker kystlynghei.

Viser fra 33 til 36 av totalt 500 artikler