Du er her:

  • Hordaland
  • Hardanger og Sunnhordland treng samla kystsone- og fjordforvalting

Hardanger og Sunnhordland treng samla kystsone- og fjordforvalting

Framlegg til fråsegn frå årsmøtet i Naturvernforbundet Hordaland, frå Naturvernforbundet i Kvam.

[Trykk her for informasjon om digitalt årsmøtet 2. juni kl. 18.00]

 «Regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger» vart satt i gang av Hordaland fylkeskommunen i 2013 og vedtatt i Fylkestinget i 2017:
«Føremålet med planarbeidet er å sikre ei berekraftig forvaltning av sjøareal og strandsone i Sunnhordlandsregionen og Ytre Hardanger. 
Planen skal sikre gode rammevilkår for havbruksnæringa som ei stor og viktig næring i regionen, samt maritim sektor med trygge farleier, hamneområde og sjøretta næringsareal.»

Planen vart klaga inn til kommunaldepartementet i 2017 og vart aldri ferdighandsama.

Naturvernforbundet Hordaland meiner at store, samanhengande fjord- og kystområde må sjåast i samanheng og ha ei felles overordna planlegging. Dagens forvalting av kystsona og fjordområda i Hardanger og Sunnhordland er fragmentert og dominert av kommersielle interesser innan akvakultur og maritime næringar.

Den regionale kystsoneplanenfor Sunnhordland og ytre Hardanger  var eit stort løft og påviste mange av dei viktigaste utfordringane som kommunane møter ved planarbeidet i strandsona og fjordområda. Oppdrett og anna næring skal ha sine areal og det same skal menneske, dyr, fugl og fisk langs kysten.

Sunnhordland med ytre Hardanger er det området i landet, og kanskje i verda, der det er tettast med oppdrettsanlegg for laksefisk. Kvar kommune driv med sine kommuneplanar og det er omtrent tabu og kommentera oppdrettsplanar i nabokommunen! 

Strandsoneforvaltning er ikkje konfliktfritt og  små kommunar har ofte mindre kompetanse på området. Når sterke økonomiske næringsinteresser vert sett opp mot enkle friluftsbehov og biologisk mangfald, vinn oftast næringsinteressene over naturverdiane. 
 Utfordringane i oppdrettsindustrien forplantar seg på tvers av kommunegrensene og dersom forvaltningsmålet er «berekraft» må alle aktørar sjå saka i eit større regionalt perspektiv

Arbeidet med den regionale kystsoneplanen for Sunnhordland og ytre Hardanger var framtidsretta og kan førebyggja  konfliktane. Oppdrettsbransjen bør forstå at også andre ikkje kommersielle behov skal ivaretakast. 

Sunnhordaland og Hardanger fortener ein framtidsretta plan. Ein regional kystsoneplan som også verdset den spektakulære kystnaturen som ein ikkje fornybar ressurs.


Fråsegna er stila til Vestland fylke og dei aktuelle departementa.
 

Artikkelen ble sist oppdatert: 28.05.2020

Nyheter

Viser fra 1 til 4 av totalt 500 artikler