Kortnytt
Kommunar manglar oversikt over gamle miljøsynder
I databasa Grunnforurensning – som også er å finna på nettsidene til Miljødirektoratet – er ureining i grunnen registrert. I røynda er det berre ein brøkdel av dei aktuelle stadene som er med i databasa, og kjende for miljøstyresmaktene. Som regel er dette dei største kjeldene, som grunnen under
ein fabrikk, medan me stadig manglar oversikt over små og mellomstore kjelder.
Det finst ei lang rekke miljøgifter, frå dei meir kjende DDT og PCB, til bisfenol A, siloksanar og ftalatar. Giftene kan lekka ut både gjennom brå hendingar eller over lang tid, og kan skade på fuglar, dyr og oss menneske. Å få oversikt over dei potensielle giftkjeldene vil gjera det lettare å ta grep for å førebyggja lekkasjar, men oversikten på kommunalt nivå er ofte mangelfull. For å syne korleis ein kommune kan gå fram for å finne giftene, har Vestlandsforskning brukt tre kommunar som døme, to i Sogn og Fjordane, ein i Hordaland.
I Stryn kommune i Nordfjord var berre fire giftkjelder registrert i databasen, men i samarbeid med
forskarane fann kommunen fram til heile 32 nye. I Flora i Sunnfjord fann ein 40 nye i tillegg til dei 11 som låg inne i databasen, medan ein i Odda i Hardanger fann 21 nye i tillegg til dei 14 kjeldene som var registrerte frå før.
– Vi snakkar ikkje om ein krevjande kartleggingsprosess, men om ein times arbeid med ei spørjeliste og eit kommunekart, seier toksikolog og klimaforskar Torunn Hønsi på Vestlandsforskning sine eigne nettsider.
Teksten er også publisert i medlemsmagasinet NaturVest #2 2017.