Du er her:

Kortnytt

Miljøkriminalitet vert henlagt

Halvparten av produktsakene Miljødirektoratet melder til politiet ender opp med å bli henlagt.

 

Kvart år finn Miljødirektoratet giftige og helseskadelege produkt i norske butikkar. Direktoratet har moglegheit til å påleggja verksemder å stansa salet eller å kalla produkta attende, men dei mest alvorlege sakene – mellom to og tre årleg – vert også meldt til politiet. Av desse ender halvparten med å bli henlagt, melder NRK.

– Me treng politiet si hjelp for å statuera eit eksempel, seier seniorrådgjevar Ingeborg Stene til
nrk.no. 

– Me finn mange lovbrot på dette viktige samfunnsområdet. Då treng me politiet si hjelp til å styra
åtferda i riktig retning og det med straff.

I bunken av saker Miljødirektoratet har meldt til politiet dei siste åra finn ein i følgje
nrk.no blant anna desse to sakene: 

– Smykker med kreft- og allergiframkallande tungmetall som vart seld av butikkjeda Indiska.
Smykka vart fjerna frå butikkane, men saka vart seinare henlagt av politiet, fordi butikkjeda hadde testa smykkene utan å finna giftstoffa Miljødirektoratet seinare påviste. 

– Leiketøysprodusenten Top-Toy vart meldt til politiet etter funn av eit GHB-liknande stoff i eit perlesett i 2008. Perlesetta vart trukke attende verda over. Saka vart henlagt som forelda.

 


Teksten er også publisert i medlemsmagasinet NaturVest #2 2017.

Nyheter

Copyright Terje Lægreid all rights reserved 2
Naturvernforbundet seier ja til flaumsikring utan kraftverk i Odda

Bevar Opo!

20.02.2018

Alle er einige om at flaumsikring er naudsynt - men ikkje at flaumsikring skal betalast med kraftutbygging i våre siste, urørte verna vassdrag.

Energistudenter

Nå kan du få gratis energiråd

Vinteren betyr kulde og høy strømregning for de fleste. I samarbeid med studenter ved Høgskolen på Vestlandet tilbyr vi nå gratis energirådgivning, men vær rask. Det er begrenset med plasser.

Viser fra 37 til 40 av totalt 500 artikler