Kortnytt
Miljøkriminalitet vert henlagt
Halvparten av produktsakene Miljødirektoratet melder til politiet ender opp med å bli henlagt.
Kvart år finn Miljødirektoratet giftige og helseskadelege produkt i norske butikkar. Direktoratet har moglegheit til å påleggja verksemder å stansa salet eller å kalla produkta attende, men dei mest alvorlege sakene – mellom to og tre årleg – vert også meldt til politiet. Av desse ender halvparten med å bli henlagt, melder NRK.
– Me treng politiet si hjelp for å statuera eit eksempel, seier seniorrådgjevar Ingeborg Stene til
nrk.no.
– Me finn mange lovbrot på dette viktige samfunnsområdet. Då treng me politiet si hjelp til å styra
åtferda i riktig retning og det med straff.
I bunken av saker Miljødirektoratet har meldt til politiet dei siste åra finn ein i følgje
nrk.no blant anna desse to sakene:
– Smykker med kreft- og allergiframkallande tungmetall som vart seld av butikkjeda Indiska.
Smykka vart fjerna frå butikkane, men saka vart seinare henlagt av politiet, fordi butikkjeda hadde testa smykkene utan å finna giftstoffa Miljødirektoratet seinare påviste.
– Leiketøysprodusenten Top-Toy vart meldt til politiet etter funn av eit GHB-liknande stoff i eit perlesett i 2008. Perlesetta vart trukke attende verda over. Saka vart henlagt som forelda.
Teksten er også publisert i medlemsmagasinet NaturVest #2 2017.