Du er her:

Kortnytt

Miljøkriminalitet vert henlagt

Halvparten av produktsakene Miljødirektoratet melder til politiet ender opp med å bli henlagt.

 

Kvart år finn Miljødirektoratet giftige og helseskadelege produkt i norske butikkar. Direktoratet har moglegheit til å påleggja verksemder å stansa salet eller å kalla produkta attende, men dei mest alvorlege sakene – mellom to og tre årleg – vert også meldt til politiet. Av desse ender halvparten med å bli henlagt, melder NRK.

– Me treng politiet si hjelp for å statuera eit eksempel, seier seniorrådgjevar Ingeborg Stene til
nrk.no. 

– Me finn mange lovbrot på dette viktige samfunnsområdet. Då treng me politiet si hjelp til å styra
åtferda i riktig retning og det med straff.

I bunken av saker Miljødirektoratet har meldt til politiet dei siste åra finn ein i følgje
nrk.no blant anna desse to sakene: 

– Smykker med kreft- og allergiframkallande tungmetall som vart seld av butikkjeda Indiska.
Smykka vart fjerna frå butikkane, men saka vart seinare henlagt av politiet, fordi butikkjeda hadde testa smykkene utan å finna giftstoffa Miljødirektoratet seinare påviste. 

– Leiketøysprodusenten Top-Toy vart meldt til politiet etter funn av eit GHB-liknande stoff i eit perlesett i 2008. Perlesetta vart trukke attende verda over. Saka vart henlagt som forelda.

 


Teksten er også publisert i medlemsmagasinet NaturVest #2 2017.

Artikkelen ble sist oppdatert: 22.01.2018

Nyheter

Naturen på Lygra_av Mona Maria Løberg

Bli med på helgetur til vakre Lygra 5.-7. april!

22.03.2019 | Sist oppdatert: 22.03.2019

Tradisjonen tru inviterer Naturvernforbundet Hordaland til ei sosial, hyggeleg, lærerik og inspirerande helg på idylliske Lygra i Nordhordaland. Dette har vore ein knallsuksess tidlegare år, og me ser fram til triveleg samvær på koselege Lygra Gjestegard også i år! Dette er eit fint høve for både nye og gamle frivillige til å verta betre kjent - både med kvarandre og aktuelle saker, samt å læra nye triks for å vinna miljøkampar. Ikkje minst kan me lova godt selskap, god mat, underhaldning og turar i vakker kystlynghei.

Naturen på Lygra_av Mona Maria Løberg

Valkomiteen si innstilling er klar

15.03.2019 | Sist oppdatert: 15.03.2019

På laurdag 16. mars er det årsmøte, der mellom anna nytt styre skal veljast. Her er valkomiteen si innstilling til nytt styre.

Viser fra 41 til 44 av totalt 500 artikler