Du er her:

Naturens goder. Foto av Borgar Emanuelsen Bohlin

Foto: Borgar Emanuelsen Bohlin.

Naturens goder

Naturen gjev oss både regulerande, forsynande og kulturelle tenester. Det var tema for Naturleg onsdag i mai i år, som denne teksten gjev oss eit tilbakeblikk på.


Økosystemtenester stod på agendaen då naturmangfaldgruppa hadde ansvar for Naturlig onsdag i mai i år. I alt 47 naturverninteresserte fann vegen til Amalies hage på Bergen Offentlige Bibliotek den fine vårkvelden for å høyra og læra om det me óg kallar «naturens goder», det me får gratis av naturen utan å betala noko for det, til dømes rein luft og reint vatn. 

Første innleiar var Per Arild Aarrestad som er utdanna økolog frå Botanisk Institutt på UiB og no instituttstyrar på den nyetablerte avdelinga til Norsk Institutt for Naturforskning (NINA) i Bergen. Aarrestad tok utganspunkt i drivkreftene til endringar i økosystemet, fyrst og fremst klima, demografi og endringar i arealbruk. Uttrykket «økosystemtenester», ecosystem services på engelsk, vart fyrst nytta i samband med den såkalla tusenårsrapporten i 2005, og vart utvikla vidare i rapporten The Economics of Ecosystems and Biodiversity i 2010. Sidan har omgrepet blant anna vorte nytta av Naturpanelet i 2013 og i stortingsmelding NOU 2013/10 om «Naturens goder», med blant andre Dag Hessen og Stein Lier Hansen som medforfattarar. 

Aarrestad peikte på at naturens goder ofte er urettvist fordelt, og at det difor trengst ei form for verdisetjing slik at dei kan koma med i samfunnsrekneskapen. Denne verdsetjinga tek utgangspunkt i det biologiske mangfaldet, som ligg til grunn for mange funksjonar, som igjen leverer økosystemtenester. Tenestene kan delast i tre hovudtypar, som kallast forsynande, regulerande og kulturelle. Dei forsynande kan som regel målast i kroner og øre med direkte metodar, medan indirekte metoder trengst for dei regulerande og dei kulturelle: Ved hjelp av spørjeskjema kan ein finna ut kor mykje folk er viljuge til å betala for denne tenesta dersom det blir mangel på henne. Aarrestad gav også ein del døme på desse tenestene frå ulike naturtypar på Vestlandet:
• Havstrandvegetasjonen er regulerande (den stabiliserer jorda) og forsynande (den leverer tang og tare, salt, med meir)
• Kystlyngheia er regulerande (kontrollerte lyngbrannar) og forsynande (villsau, honning, jakt og fiske)
• Ferskvatn er regulerande (skaffar reint vant), forsynande (produksjon av mat og drikke) og kulturelle (sportsfiske, turisme)
• Våtmark er regulerande (vatn- og karbonlagring) og forsynande (bær, torv, beitemark)
• Skog er regulerande (flaumregulering, karbonbinding), forsynande (trevirke, bær og sopp, jakt) og kulturelle (turisme, biologisk mangfald, kunnskap)
• Fjell er regulerande (drikkevatn, karbonbinding), forsynande (beite, jakt, reindrift og fiske) og kulturelt (naturbasert turisme)
• Urbane økosystem er regulerande (stabilisering av jord, vassreinsing) og kulturelle (friluftsliv, rekreasjon)

Aarrestad peikte også på flaumsikring som ei aktuell regulerande økosystemteneste. Skog, myr og kantvegetasjon langs vassdrag bind vatn. Utan vegetasjon vil 60% av vatnet renna bort som overflatevatn, mot 5% med vegetasjon. Difor er skog og myr så viktig både når det gjeld vatn- og karbonbinding. I debatten etterpå skulle han få støtte i dette frå Helge Kårstad i Kystskogbruket, som var tilhøyrar i salen. 

Andre innleiar var Jorunn Vallestad frå Naturvernforbundet sentralt, som er frå Florø og tidlegare har vore medarbeidar i Naturvernforbundet Hordaland. Vallestad tok utgangspunkt i at naturen ofte blir framstilt som ei hindring for «framsteget», slik som den freda augnestikkaren som forseinka arbeidet med motorvegen i Endelausemarka med to år. Ho viste til WWFs Living Planet Report 2016 som viser at det er blitt stadig færre artar og individ på jorda, noko som gir seg utslag i at 21% av artane som fins i dag, står på raudlista og er utryddingstruga, og at arealet av villmarksprega områder her i landet har minka frå over 50% i 1950 til 11% i 2013. Det moderne mennesket har ofte vist stor uforstand i tilhøvet til naturen. Som eksempel på dette nemnde Vallestad Mao sin kampanje i Kina i 1958 mot «De fire plager», som var spurvar, rotter, mygg og fluger. Kinesarane gjekk ut med skytevåpen, nett og sprettertar for å drepa spurvar for å få større kornavlingar. Men resultatet var at når spurvane var utrydda, tok grashoppene fullstendig overhand og tapet på jordbruksavlingane blei mykje større. 

Slike historier talar til hjarta og er mykje meir verksame enn statistikken, som fortel det same, men som talar til hjernen. Dette såg me tydeleg her i landet då den store kvalen dreiv i land på Sotra med magen full i plast. Plasten visste me nok om tidlegare og, men problemet blei med eitt så mykje meir synleg då folk såg denne kvalen. Resultatet såg me den 6. mai, på Strandryddedagen då mange tok turen for å samla plast på strendene. 

Jorunn tok deretter for seg årshjulet, og snakka om fuglekassar og hagekompostering. Frå salen blei det nemnt at gjengroing med skog ikkje berre er eit problem, men fører til meir død ved og større biologisk mangfald og karbonbinding. Sitkagran er eit problem fordi dette treslaget har stor evne til binda karbon samstundes som det er eit trugsmål mot kystlyngheia og det biologiske mangfaldet. Om dette blei det ein liten diskusjon mellom Helge Kårstad i Kystskogbruket og naturvernarar i salen. Skog og karbonbinding har elles også vore tema på Naturlig onsdag tidlegare, i november 2016, då skogforskar Trygve Refsdal frå Voss og klima-ansvarleg Holger Schlaupitz frå Naturvernforbundet var innleiarar. 

Etter innleiarane og kaffi- og tepausen fortalde Linn Vassvik og Ragnhild Gya, som begge er eller har vore styrerepresentantar i naturmangfaldgruppa, om arbeidet i gruppa, der arbeidet med å skriva høyringsuttalar til dei mange småkraftsakene, dominerer. Borgar Bohlin, som tidligare dagleg nestleiar i Naturvernforbundet Hordaland, var ordstyrar og leia programmet med fast hand, saman med Siri Haugum, som leia debatten etter innleiingane.


Oddvar Skre er leiar i naturmangfoldsgruppa og æresmedlem i Naturvernforbundet i Hordaland.


SJÅ MØTET
Besøk YouTube 


Teksten er også publisert i medlemsmagasinet NaturVest #2 2017.

Nyheter

Hordfast natur

Venstre vil vrake ferjeløs E39!

Regjeringspartiet Venstre vil vrake motorveiprosjektet til fordel for grønn skipsfart og utbedring av eksisterende veier. - Et svært godt utspill! sier Gabriel Fliflet, leder i Naturvernforbundet Hordaland.

Gjenbruksuken-Bergen-Foto-Bir-e1572951512827

Bli med på Gjenbruksuken!

Bergenserne ønsker å redusere forbruket sitt. Nå inviterer Bergen kommune, BIR og Naturvernforbundet Hordaland til en uke med aktiviteter for å gjøre det enklere, morsommere og mer meningsfylt å forbruke mindre.

Viser fra 1 til 4 av totalt 500 artikler