Du er her:

  • Hordaland
  • Nyheter
  • Naturvernforbundet ber Os kommunestyre avvise forslag om hurtigbehandling av Hordfast

Naturvernforbundet ber Os kommunestyre avvise forslag om hurtigbehandling av Hordfast

Os kommunestyre skal tirsdag 24. september behandle forslag om at videre planlegging av Hordfast skal bli gjennomført av Statens vegvesen som ansvarlig planlegger.

Statens vegvesen har foreslått at kommunene nå tar over ansvaret for reguleringsplanarbeidet. Naturvernforbundet støtter dette forslaget og ber om at de vanskelige avveiningene i Hordfast-planene blir behandlet med størst mulig demokrati. Os kommune må ikke abdisere i denne saken som kan gi uopprettelig skade på verdifull natur på Søre Øyane, på Tysnes og på Stord.
 

Naturvernforbundet Hordaland sendte søndag følgende brev til alle medlemmene av Os kommunestyre:

Hjelp oss å beskytte kloden til våre born

Prosjekt med store, uopprettelege verknader krev

grundig handsaming på alle demokratiske nivå

 

Gode folkevalde i Os,

Vi er kjende med at kommunestyret skal handsame framlegg om «Statleg detaljregulering av E39 Stord – Os», Arkivsaksnr.:19/3650 tysdag. Saka vert fremja med knapp saksframstilling og utan framlegg til vedtak. Eit avgjerande premiss er utelate: Statens vegvesen meiner at kommunane skal ha reguleringsmynde for detaljplanlegginga. Naturvernforbundet Hordaland meiner demokratiomsyn er spesielt viktig i store prosjekt som har uopprettelege konsekvensar.

 

Bit for bit som del av global rasering av natur

Fredag 20 september 2019 demonstrerte ungdom i 15O land med krav om at styresmaktene no syner handlekraft mot dei raske klimaendringane. FN sitt klimapanel har varsla at det er stor fare for at gjennomsnittstemperaturen på jorda aukar meir enn 1.5 grad. Hordfast kviler på premisset om kraftig auke i biltrafikken, og er ikkje eit positivt prosjekt for klimaet.

For planane om Hordfast er kanskje øydelegging av natur og verdfulle artar viktigast av alt. FN leverte i vår ein rapport som syner at 1 million artar er i fare for å bli utrydda. Den viktigaste åraken til utrydding av artar i Noreg er arealendringer, med nedbygging av natur, bit for bit. All naturøydelegging skjer lokalt, og bygging av motorvegar krev store inngrep. Fylkesmannen har slått fast at Hordfast truleg er det største naturinngrepet i Hordaland i moderne tid.

 

Hordfast truar unike naturverdiar og klima

Det er neppe nytt for folkevalde i Os at Naturvernforbundet er sterkt kritisk til Hordfast.  Hordfast manglar magemål med sine 4 felt, fartsgrense på 110 km/t og kryssing over ein av Norges flottaste vide fjordbasseng. Naturvernforbundet er sterkt kritisk til at ferjealternativet vart lagt til side i ein tidleg fase. I dag veit vi at ny teknologi med null- og lågutslepp kan gje ein klimavennleg overfart.

Mykje av naturen som Hordfast vil øydeleggja på Søre Øyane, Reksten, øvrige Tysnes, og Stord har uvanleg stor verdi. Skadane vil vere uopprettelege på m. a. unike habitat for kald regnskog.

 

Framlegg om oppretting av nasjonalpark

Naturvernforbundet i Hordaland har nyleg sendt framlegg til Fylkesmannen om å opprette Søre Bjørnafjorden nasjonalpark. Den skal verne den unike kalde regnskogen og ein rekke sjeldne planteartar på Reksteren og vestre Tysnesøy. Dette framlegget har ikkje vore drøfta i saksutgreiingane til no om Hordfast.

Vi har laga fleire kortfilmar om Hordfast sine konsekvensar for artsmangfald og klima som de finn på våre nettsider: https://naturvernforbundet.no/hordaland/. Konsekvensar for Søre øyane er tema i ein av filmane.

 

For store prosjekt som Hordfast er grundig demokratisk handsaming ekstra viktig

Vi har respekt for at det er ulike syn på Hordfast. Men vi ber innstendig dei folkevalde i Os om ikkje å hastehandsame saka som skal opp tysdag. Nettopp fordi det er ulike syn på Hordfast bør Regjeringa velje det prinsippet for fagleg og politisk handsaming som gir best garanti for at alle verdiar, syn og interesser vert tekne inn i arbeidet med reguleringsplan.

Alvoret i Hordfastplanane for tap av unike artar er stort. Store område med vakker og sjeldan natur vert øydelagde for alltid.

I denne saka er konsekvensane av våre val uopprettelege: Om vi byggjer ned natur, er det for alltid.

Vi minner om at Statens vegvesen ynskjer at kommunane har planmynde for neste planprosess. Dette framlegget frå Statens vegvesen burde ha vore lagt inn i saka til Os kommunestyret.

 

Vi ber om at Os kommunestyre stør Statens vegvesen sitt framlegg for å sikre mest mogleg demokrati i sakshandsaminga vidare. La oss vise respekt for den unge generasjonen som skal arve jorda vår.

 

Beste helsing

Leiar Gabriel Fliflet og nestleiar Tom Skauge

Naturvernforbundet Hordaland

Nyheter

Gjenbruksuken-Bergen-Foto-Bir-e1572951512827

Bli med på Gjenbruksuken!

Bergenserne ønsker å redusere forbruket sitt. Nå inviterer Bergen kommune, BIR og Naturvernforbundet Hordaland til en uke med aktiviteter for å gjøre det enklere, morsommere og mer meningsfylt å forbruke mindre.

Hordfast

Stans Hordfast!

Der Hordfast er enkelte partiers våte drøm, er monsterveiprosjektet også svært dårlig nytt for både klimaet og for den verdifulle myren, regnskogen og kystlandskapet som blir ødelagt. Derfor foreslår vi at vi lager nasjonalpark - ikke motorvei!

Viser fra 1 til 4 av totalt 500 artikler