Du er her:

  • Hordaland
  • Ny kartteneste viser luftkvaliteten i Europa

Kortnytt

Ny kartteneste viser luftkvaliteten i Europa

På European Air Quality Index får du informasjon om luftkvaliteten i alle byar og regionar i Europa.

 

I midten av november lanserte det europeiske miljøbyrået EEA og Europakommisjonen den nye netttenesta, som består av eit interaktivt kart som viser den lokale luftkvaliteten på målestasjonsnivå, basert på mål av både svevestøv, bakkenært ozon, nitrogendioksid og svoveldioksid. Ein kan zooma inn eller søkja på kva som helst region i Europa. Både for å sjekka luftkvaliteten generelt og for å finna måleresultat etter type ureining. Saman med dette kartet vart det også publisert nye landfaktaark med oppdatert informasjon om luftkvaliteten i EEA sine medlemsland. Den siste årsrapporten frå EEA syner at dei fleste som bur i byar i Europa framleis vert utsett for luftureining over nivåa Verdas helseorganisasjon har definert som skadelege. Den farlegaste luftureininga, svevestøv i den minste størrelsesfraksjonen (PM 2,5) forårsaka
i 2014 anslagsvis 400.000 for tidlege dødsfall i Europa.


SE KARTET
Gå til: airindex.eea.europa.eu/
Se landfaktaarkene på:
bit.ly/2my0IJg


Teksten er også publisert i medlemsmagasinet NaturVest #2 2017.

Artikkelen ble sist oppdatert: 22.01.2018

Nyheter

KVanndalselva

Kvanndalselva går fri!

25.06.2020 | Sist oppdatert: 30.06.2020

Det blir ikke vannkraftutbygging i Kvanndalselva. Kartleggingsrapport avdekket 15 rødlistede arter langs hele elveløpet.

Viser fra 1 til 4 av totalt 500 artikler