Du er her:

  • Hordaland
  • Øystesevassdraget i Hardanger er varig verna

Øystesevassdraget i Hardanger er varig verna

30 års kamp for den fantastiske Øysteseelva vart krona med siger då eit samrøystes Storting tysdag 12. mars vedtok varig vern av vassdraget.

Elva er ei av dei siste i Hardanger som framleis renn fritt frå fjell til fjord. I 30 år har lokale eldsjeler, med Oddvar Soldal og Klaus Rasmussen i Naturvernforbundet i Kvam i spissen, kjempa for at det skal fortsetta slik. Lenge såg det mørkt ut - berre for eit par år sidan var elva truga av dobbel kraftutbygging: BKK ville føra øvre del av vassdraget til eit kraftverk i Samnanger, medan Øystese Kraft ville legga nedre del, med Ørredalsfossen, i røyr. NVE tilrådde dobbel utbygging, men Forum for Natur og Frilufsliv Hordaland, der både Naturvernforbundet og Bergen og Hordaland Turlag er med, var sikre på at naturverdiane i Øystesevassdraget ikkje var godt nok kartlagt. Derfor bestilte me ei ekstra kartlegging gjennomført av BioFokus, som fann fem gonger fleire utryddingstruga artar enn det utbyggarane sine innleigde konsulentar fann. Dette vart avgjerande for at regjeringa i fjor sa nei til utbygginga, og at dei denne veka vedtok at elva skal bevarast som den er for all framtid. På tysdag feira me den historiske sigeren i Oslo, og til sommaren vert det feiring i Øystese.

Les meir om saka her:

- Første nye vassdrag vernet på ti år (Naturvernforbundet nasjonalt)

- 30 års kamp kronet med seier (NRK)

- Feiret seier etter tretti års vernekamp (BT)

 

 

Me takkar eldsjelene som har stått på i årevis og vist at engasjement nyttar!

Artikkelen ble sist oppdatert: 14.03.2019

Nyheter

Viser fra 5 til 8 av totalt 500 artikler