Du er her:

På dugnad i (eit tapt) paradis

Ein dugnadsgjeng gjekk i september laus med både motorsag og brakesaks, og det midt i eit naturreservat. Men i denne historia er det trea som er pøblane.

 

«Ånuglo var en perle», skreiv den kjende botanikkprofessoren Knut Fægri i Bergen turlag si årbok frå 1953, «det var et sted vi med glede og stolthet viste frem til våre kolleger – og til våre elever». 

Fægri – som mellom 1949 og 1951 var leiar for Naturvernforbundet Hordaland – omtala i same artikkel Ånuglo som eit tapt paradis, øydelagt av skogplanting. 

«Hadde ennå disse forstfolkene vist litt fantasi i sitt arbeid med å ødelegge den naturlige vegetasjonen», kommenterte han sarkastisk. «Men nei, gran takk, dette fortvilede tre som ikke har noe i et skikkelig vestlandsk landskap å gjøre, og som man kan dyrke alle mulige andre steder. Akkurat gran skal man infisere denne perlen av vestnorsk natur med. Jaja, ikke bare gran, douglassgran og lerk og en masse annet uvedkommende også. Alt dette hadde man kunnet dyrke på tusen andre steder. Hvorfor, hvorfor skulle Ånuglo på liv og død ødelegges med dette?». 

Image

Det var til dette tapte paradiset at ein dugnadsgjeng drog ei helg i september, i regi av Naturvernforbundet Hordaland, vestlandsavdelinga av Botanisk Forening og WWF, og med hjelp frå Fylkesmannen i Hordaland. Dei kom til det som på eit vis stadig er eit paradis, for Ånuglo er ei vakker og frodig øy som sidan år 2000 har hatt eit stort naturreservat, eit naturreservat som sidan 2014 omfattar det meste av øya. Her ute i fjorden midt mellom Tysnes og Kvinnherad trivst både kystfuruskog og edellauvskog, og det er eit mangfaldig plante- og dyreliv der. Det finst minst tre artar hakkespett på Ånuglo, og både orrfugl og storfugl. Her veks einer, kristtorn og hassel, og store furuer, og her finn ein kusymre, ramslauk og andre kystplantar.

Slangane i paradis
Men det finst slangar i paradis, så og seie. Dei slangane er dei same som dei Fægri peikte på for over femti år sidan: utplanta treslag som ikkje høyrer heime i norsk natur. Heilt attende til i 1878 byrja Staten å planta store mengder tett og kunstig barskog på øya. 

Mykje av denne skogen er norsk gran, også noko av ein «utlending» i vestlandsk natur, men verstingen er den vestamerikanske hemlokken. Det er eit vakkert tre, eigentleg, med djupgrøn farge og eit sølvaktig spel i baret, men det er ein art spreier seg lett, veks fort og som trugar med å kvela det biologiske mangfaldet på øya. 

Trude Myhre
Trude Myhre
Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland har måtta gjera skogbrukar av seg i kampen mot den unaturlege barskogen på øya, og den som no vitjar Ånuglo vil finna grove skogsveiar for hogstmaskiner på øya. Visjonen er at all planteskogen skal vekk. Då trengst det også meir enn hogstmaskiner, og det var her ideen om ein dugnad på øya dukka opp, i samband med at Trude Myhre i WWF heldt eit føredrag om skogvern for eit års tid sidan. Skal ein lukkast med å halda hemlokken og dei andre «pøbelgranene» - det er Knut Fægri sitt ord, det med – på Ånuglo i sjakk må det nok ei heil rekkje dugnader til. Til gjengjeld er det eit høve til å driva med praktisk naturvern dette, og til å bidra til å ta vare på den rike naturen på Ånuglo.

Med både eit par motorsager, brakesaks, ryddesaks og rein handemakt gjekk dugnadsgjengen på nær tretti laus på oppgåva. Den fyrste dagen var det nok litt kaotisk, men andre dagen hadde ein funne ein betre takt, og ein manngard av ivrige naturentusiastar fekk klipt, saga og rive bort til saman tusenvis av hemlokkplantar. Det kan høyrast mykje ut, men det var likevel avgrensa kor mykje det faktisk synte att i terrenget.  Samstundes fekk imidlertid dugnadsgjengen gjort seg viktige erfaringar for framtidige dugnader, og – ikkje minst – ein fekk ein sjanse til å bli kjent med kvarandre og til å høyra eit engasjerande føredrag om både skogvern og trøblete tresortar frå Myhre på laurdagskvelden. 

Øyvind Strømmen er redaktør for NaturVest, og aktiv i Naturvernforbundet. Han er også fylkestingspolitikar for Miljøpartiet Dei Grøne i Hordaland.

 

SKJØTSELSARBEID
Nå forsøkar Botanisk forening og Naturvernforbundet Hordaland å få etablert eit prosjekt som blant anna kan drive skjødselsarbeid på Ånuglo. Vil du bli med? Ta kontakt på hordaland@naturvernforbundet.no


Teksten er også publisert i medlemsmagasinet NaturVest #2 2017.

Nyheter

Generell plakat krabbe
Plastjakten Hordaland

Plastutstilling på Herdla museum

21.05.2019

Plast er et allsidig materiale som har ført til utviklingen av mange nyttige produkter som vi bruker hver dag. Dessverre er det slik at en del av plasten vi bruker havner på avveie og ut i naturen; "men hvorfor er det dette et problem" spør vi oss i vår nye spennende, fargerike og inspirerende plastutstilling.

Honey bee(1)
Velkommen til Naturlig onsdag på Verdas Miljødag 5. juni kl. 19-21:

Kva betyr FNs naturpanel sin rapport for Noreg og Bergen?

10.05.2019

Naturen er i krise: 1 million artar står i fare for å døy ut på grunn av menneskeleg aktivitet. Aldri før har me øydelagt naturen i eit høgare tempo, og arealbruken vår er den klart viktigaste årsaka.

Naturen på Lygra_av Mona Maria Løberg

Bli med på helgetur til vakre Lygra 5.-7. april!

22.03.2019

Tradisjonen tru inviterer Naturvernforbundet Hordaland til ei sosial, hyggeleg, lærerik og inspirerande helg på idylliske Lygra i Nordhordaland. Dette har vore ein knallsuksess tidlegare år, og me ser fram til triveleg samvær på koselege Lygra Gjestegard også i år! Dette er eit fint høve for både nye og gamle frivillige til å verta betre kjent - både med kvarandre og aktuelle saker, samt å læra nye triks for å vinna miljøkampar. Ikkje minst kan me lova godt selskap, god mat, underhaldning og turar i vakker kystlynghei.

Viser fra 13 til 16 av totalt 500 artikler