Du er her:

Største klimademonstrasjon i Bergen nokon gong

Minst 3000 ungdommar fylte i dag Torgallmenningen i Bergen sentrum for å protestera mot manglande klimahandling frå politikarane. - Me er bekymra for framtida vår og krev handling, sa leiar i Hordaland Natur og Ungdom, Vilja Helle Bøuym, til NRK.

Optimismen og kampviljen var til å ta og føla på i Bergen sentrum i dag. Tusenvis hadde stilt opp for å gje eit klart signal til Noregs politiske leiing: det vert ikkje gjort nok for å stoppa dei alvorlege klimaendringane, det er for langt frå ord til handling! "Skjerp dåkkar", stod det på ein av plakatane skuleelevane hadde med, på ein annan stod det "tenk på vår framtid". Etter appellar og ei rekke musikkinnslag, gjekk dei fleire tusen frammøtte i protestmarsj rundt Lille Lungegårdsvann - toget vart så langt at det nådde rundt heile vatnet og vel så det.

"Klimaopprøret i Bergen" stod bak demonstrasjonen: ein allianse som består av Naturvernforbundet Hordaland, Natur og Ungdom Hordaland, Framtiden i våre hender Bergen, Studentparlamentet ved UiB, ei rekke ungdomsparti med fleire. På Naturvernforbundet Hordaland sitt årsmøte no på laurdag, diskuterer me kva som vert vegen vidare for klimaopprøret etter i dag. Vel møtt!

Les meir om dagens klimademonstrasjon her:

- Skoleelevene fylte Bergen sentrum (NRK)

- Over 3000 elever droppet skolen og streiket for klima (BT)

Gå ikkje glipp av NRK-debatt kl. 21.30 i kveld, der leiar i Hordaland Natur og Ungdom, Vilja Helle Bøyum, debatterer mot politikarane!

 

Nyheter

Naturen på Lygra_av Mona Maria Løberg

Bli med på helgetur til vakre Lygra 5.-7. april!

22.03.2019

Tradisjonen tru inviterer Naturvernforbundet Hordaland til ei sosial, hyggeleg, lærerik og inspirerande helg på idylliske Lygra i Nordhordaland. Dette har vore ein knallsuksess tidlegare år, og me ser fram til triveleg samvær på koselege Lygra Gjestegard også i år! Dette er eit fint høve for både nye og gamle frivillige til å verta betre kjent - både med kvarandre og aktuelle saker, samt å læra nye triks for å vinna miljøkampar. Ikkje minst kan me lova godt selskap, god mat, underhaldning og turar i vakker kystlynghei.

Klimaopprøret 14

Største klimademonstrasjon i Bergen nokon gong

14.03.2019

Minst 3000 ungdommar fylte i dag Torgallmenningen i Bergen sentrum for å protestera mot manglande klimahandling frå politikarane. - Me er bekymra for framtida vår og krev handling, sa leiar i Hordaland Natur og Ungdom, Vilja Helle Bøuym, til NRK.

Viser fra 13 til 16 av totalt 500 artikler