Du er her:

Valkomiteen si innstilling er klar

På laurdag 16. mars er det årsmøte, der mellom anna nytt styre skal veljast. Her er valkomiteen si innstilling til nytt styre.

Naturvernforbundet Hordaland sitt årsmøte går av stabelen laurdag 16. mars kl. 15. Valkomiteen vil legga fram følgjande innstilling til nytt styre:

Leiar: Gabriel Fliflet (attval)

Styremedlem: Knut Espelid (attval)

Styremedlem: Tone Salomonsen 

Styremedlem: Tonje Sæther

1. vara: Oddvar Soldal

2. vara: Synnøve Spangelo

3. vara: Hedda Østgaard

Styremedlemene vert valt for to år, medan leiar og varamedlem vert valt for eitt år om gongen. Fylgjande styremedlem er ikkje på val i år:

Hallvard Birkeland

Ingvild Johnsen

Tom Skauge

 

Styret innstiller på følgjande valkomité:

Øystein Lunde Heggebø (attval)

Eivind Vangdal (attval)

Ragnhild Gya (ny)

 

Vel møtt til årsmøte!

Nyheter

Naturen på Lygra_av Mona Maria Løberg

Bli med på helgetur til vakre Lygra 5.-7. april!

22.03.2019

Tradisjonen tru inviterer Naturvernforbundet Hordaland til ei sosial, hyggeleg, lærerik og inspirerande helg på idylliske Lygra i Nordhordaland. Dette har vore ein knallsuksess tidlegare år, og me ser fram til triveleg samvær på koselege Lygra Gjestegard også i år! Dette er eit fint høve for både nye og gamle frivillige til å verta betre kjent - både med kvarandre og aktuelle saker, samt å læra nye triks for å vinna miljøkampar. Ikkje minst kan me lova godt selskap, god mat, underhaldning og turar i vakker kystlynghei.

Viser fra 13 til 16 av totalt 500 artikler