Du er her:

Gjengen på Lygra 2017

Introduksjon

Naturvernforbundet fremjer kunnskap og løysingar som ivaretek naturen. I Hordaland har me eit fylkesstyre, seks lokallag, fem fulltidstilsette og over 60 frivillige

 

Naturvernforbundet Hordaland vart stifta i 1918 og er eit av dei største og mest aktive fylkeslaga i Naturvernforbundet. Fylkesstyret vårt består av 11 dyktige folk med komplementær kompetanse. Me har seks lokallag rundt om i fylket. I tillegg har me fem fulltidstilsette og over 60 frivillige som jobbar med løysingar på miljøutfordringane: eit fornybart og effektivt energisystem som kjem folk flest til gode, eit smart, utsleppsfritt og helsefremjande transportsystem, miljøvenlege produkt, og bevaring naturmangfaldet og den storslåtte Hordalandsnaturen.

Les meir om prosjekta våre.
Les Naturvernforbundets styrande dokumenter.
Les Naturvernforbundet Hordalands arbeidsprogram

Noregs eldste miljøvernorganisasjon
Naturvernforbundet er den eldste, og ein av dei største miljøvernorganisasjonane i Noreg, etablert i 1914. Me tel i dag over 24 000 medlem, med 100 fylkes- og lokallag over heile landet. Bak oss har me mange sigrar.

Viktige sigrar
I over 100 år har Naturvernforbundet stått på for ei framtidsretta samfunnsutvikling, og har kjempa mange harde kampar for å ta vare på den fantastiske, norske naturen. Her er nokre få av dei viktigaste sigrane våre:

Image

Nasjonalparkane
Naturvernforbundet var ein sterk pådrivar til opprettinga av dei fleste nasjonalparkane me har i Noreg, mellom anna Jotunheimen, Rondane og Hardangervidda.

 

 

Image

Bevaring av fossar og elvar

To tredjedelar av dei største elvane i Noreg er i dag regulert, og sju av dei ti høgaste fossefalla ligg i røyr. Utan Naturvernforbundet hadde endå fleire vore tørrlagt og naturopplevingane og mangfaldet fattigare! Naturvernforbundet var ein sentral aktør i utviklinga av verneplan for vassdrag, og har mellom anna sikra varig vern av Opo med Låtefossen, Veig på Hardangervidda og Vettisfossen, som har vorte kåra til Noregs vakraste foss. Naturvernforbundet er stolt eigar av Vettisfossen.

 

Atomfritt Noreg 
Naturvernforbundet lykkast i å stoppa planane om etablering av atomkraftverk på Lindås på 1970-talet. 


Er du interessert i å læra meir om Naturvernforbundet si historie? Les om organiseringahistoria og sigrar

For Naturvernforbundet Hordaland si historie kan du lesa jubileumsboka På lag med naturen i 100 år. Bestill: hordaland@naturvernforbundet.no. Pris: 200 kr + eventuell porto.

I Hordaland har me hatt mange medlemer og leiararsom har gjort ein betydeleg innsats for naturen. Sjå oversikta over æresmedlemmene våre og tidlegare leiarar.  Me har også delt ut miljøpris til andre organisasjonar og enkeltpersonar som har gjort en spesiell innsats for miljøet. 

Nyheter

Gjenbruksuken-Bergen-Foto-Bir-e1572951512827

Bli med på Gjenbruksuken!

Bergenserne ønsker å redusere forbruket sitt. Nå inviterer Bergen kommune, BIR og Naturvernforbundet Hordaland til en uke med aktiviteter for å gjøre det enklere, morsommere og mer meningsfylt å forbruke mindre.

Hordfast

Stans Hordfast!

Der Hordfast er enkelte partiers våte drøm, er monsterveiprosjektet også svært dårlig nytt for både klimaet og for den verdifulle myren, regnskogen og kystlandskapet som blir ødelagt. Derfor foreslår vi at vi lager nasjonalpark - ikke motorvei!

Viser fra 1 til 4 av totalt 500 artikler