Du er her:

Fjellgården Segestad

Naturvernforbundet Hordaland si historie

100 år for miljø – frå fossefall til atmosfære.

 

Opptakta til stiftinga av Naturvernforbundet starta allereie i 1909, då botanikkprofessor Johan Nordal Fischer Wille heldt ein tale på Universitetet i Oslo der han sa følgjande:

«Naturens utseende forandres mere og mere i vort Fædreland, ligesom i alle andre kultiverede Lande, og den Jordoverflade, som Naturkræfterne har tildannet i Tidernes Løb, blir forandret og ofte ødelagt ved Menneskenes Indgriben. De oprindelige Samfund af Dyr og Planter ødelægges, eller forandres ved at deres Livsbetingelser omdannes.»

I denne utsegna finn me det som den dag i dag er ein stor del av fundamentet i Naturvernforbundet, nemleg respekten for naturen og ynsket om å verna om den. Med denne talen tende Nordal Wille ein gneist mellom dei som hadde møtt fram, og det vart sett ned ein komité som skulle arbeida fram eit utkast til Noregs fyrste lov om naturvern. I 1910 vart denne lova vedteken, og i åra som følgde, jobba denne komiteen med å oppretta ein organisasjon som kunne jobba med naturvern. 18. februar 1914 vart Naturvernforbundet stifta, den gongen under namnet «Landsforening for naturfredning i Norge», og vart den fyrste miljøorganisasjonen i Noreg.

I åra som følgde arbeidde dei med å etablera det dei den gongen kalla kretsforeiningar rundt om i landet. Vestlandet vart den fjerde kretsforeininga, og vart danna 25. februar 1918, med Christian Michelsen som ein av stiftarane. Naturvernforbundet Hordaland, den gong under namnet Vestlandske Kretsforening, hadde sterk tilknyting til Bergen museum, og seinare òg til Universitetet i Bergen. Naturvernarane nytta forankringa i det vitskaplege miljøet og kontakten med embetsverket og politikarar, for å sørga for betre forvalting av naturen. I løpet av dei fyrste 50 åra fekk Vestlandske Kretsforening freda over 100 naturområde, gamle tre og tregrupper.

Vern av vassdrag vart fort viktig, og i 1920 protesterte Naturvernforbundet mot utbygging av dei mektige fossane Ringedalsfossen og Tyssestrengane i Odda i Hardanger, men tapte begge sakene. Både Ringedalsfossen og Tyssestrengane vart lagt i røyr og turrlagde. I 1923 kjøpte Vestlandske Krestsforening Vettisfossen frå Jørgen Vettis, for 15 000 kr. Året etter, i 1924, vart Vettisfossen verna ved kongeleg resolusjon, og renn fritt den dag i dag. Vettisfossen ligg i Årdal i Sogn og Fjordane, og er ein av dei høgaste fossane i Noreg med eit fritt fall på 273 meter, og den høgaste urørte fossen i Noreg og Nord-Europa. I 2014 vart Vettisfossen kåra til Noregs finaste foss i ei avstemming i Dagbladet.

Seinare vart arbeidet med å freda område med særskilt dyre- og fugleliv, viktig. I samarbeid med Naturvernforbundet nasjonalt og Ålesund og Sunnmøre turistforeining, fekk Vestlandske Krestsforening freda det storslåtte fuglelivet på Runde i Herøy.

Mellomkrigstida var ikkje noko stordomstid for Naturvernforbundet, og under andre verdskrig vart organisasjonen nærmast oppløyst. Likevel fekk Naturvernforbundet freda fleire øyer og holmar. Etter krigen gjekk organisasjonen lysare tider i møte, og Lov om naturvern som kom i 1954, vart eit vendepunkt for norsk naturvern, då den opna for å oppretta nasjonalparkar.

Her i Hordaland vart det på 50-talet jobba med å verna sjøfugl, og Vestlandske Kretsforening fekk freda isolerte øygrupper i Solund i Sogn og Fjordane. I 1955 tok Naturvernforbundet Hordaland initiativ til å verna Steinsdalsfossen i Kvam i Hardanger, som framleis renn fritt.

I 1962 vart Rondane nasjonalpark oppretta som den første nasjonalparken i Noreg, etter sterk påverknad frå Naturvernforbundet. Arbeidet med nasjonalparkar vart etter dette veldig viktig for Naturvernforbundet, for å hindra at større naturområde utan menneskeleg påverknad skal forsvinna frå Noregskartet. I dag har me i alt 46 nasjonalparkar, og Naturvernforbundet har jobba hardt for opprettinga av kvar einaste ein av dei.

I Hordaland jobba Naturvernforbundet på 60-talet mellom anna med å freda Stølsheimen mellom Voss, Masfjorden og Sogn, i samarbeid med Bergen turlag. I 1990 vart Stølsheimen verna som landskapsvernområde, frå Sognefjorden og opp i høgfjellet, 1200-1300 moh.

I 1964 sa kong Harald, som då var kronprins, seg villig til å vera Naturvernforbundet sin høge beskyttar – noko han framleis er den dag i dag. Kongen var med på Naturvernforbundet si jubileumsfeiring i Bergen i 2014.

På 60-talet jobba Naturvernforbundet Hordaland òg med å verna den 1000 år gamle bøkeskogen på Poltneset i Seim, som er den nordlegaste førekomsten av viltveksande bøk i verda. Poltneset vart til slutt totalfreda. I tillegg vart det jobba for å verna 50 kjempeeiker i Tørvikbygd, som var restar etter eikeskogane frå bronsealderen, og på 60-talet den største førekomsten av kjempeeiker me hadde i Noreg. Dei 50 eikene hadde ein gjennomsnittsomkrins på 5 meter.

Dei fyrste 50 åra var Naturvernforbundet mildt sagt ein mannsdominert organisasjon med få, høgt utdanna medlem som i hovudsak arbeidde med klassisk naturvern. På 60- og 70- talet byrja organisasjonen å utvida horisonten og starta å jobba med eit langt breiare spekter av saker, som vassforureining, oljeforureining, sur nedbør og luftforureining.

I Hordaland byrja ein å driva med opplysningsarbeid ved å ha eit årleg møte med føredrag, film og lysbilete om aktuelle naturvernsaker, samt årlege ekskursjonar til nokre av områda Naturvernforbundet har fått freda.

Sidan slutten av 60-talet har Naturvernforbundet engasjert seg på stadig fleire felt, og har sidan den gong arbeidd mot gasskraftverk, atomkraftverk og oljekraftverk, i tillegg til det store engasjementet mot utbygging av Altaelva og Mardøla. I seinare tid har sjølvsagt også kampen mot menneskeskapte klimaendringar vorten sentral. Naturvernforbundet åtvara mot drivhuseffekten allereie i 1974, og tilrådde energisparingstiltak. Fysikar og stipendiat Hugo Parr uttala i ei motmelding som Naturvernforbundet sendte som svar på regjeringa si stortingsmeldinga, at veksten i energiforbruket må stoppast, fordi naturen sitt krinslaup og biologiske system berre toler ei viss mengde påkjenning før det vert endra og bryt saman. Han viste til at klimagassar skapar drivhuseffekt som  kan bidra til temperaturauke i atmosfæren, som igjen ville føra til klimaendringar. Vidare slo Naturvernforbundet fast at gitt jorda sine knappe ressursar, skal me visa solidaritet med u-landa og dei framtidige generasjonane.

Naturvernforbundet er og har vore veldig viktig for utviklinga av natur- og miljøpolitikken, kanskje meir enn dei fleste anar. Nettopp fordi sigrane våre ligg i utbyggingane som ikkje vart gjennomført, atomkraftverka som ikkje vart bygde og oljeutvinningane som ikkje fann stad, kan det vera vanskeleg å få auge på innsatsen Naturvernforbundet har lagt ned gjennom over 100 år. Det er nok ikkje alle som veit kva kampar og engasjement som ligg bak mange av fossane som framleis kastar seg fritt nedover fjellsidene, og derfor er det òg lett å ta naturverdiane våre for gitt. Men i Naturvernforbundet veit me at urørt natur er langt frå noko me kan ta for gitt, og det som er sikkert, er at utan Naturvernforbundet, ville Noreg ha sett annleis ut.

Naturvernforbundet utvikla seg etter kvart til å bli ein mangfaldig organisasjon på mange måtar, og har i dag over 24 000 medlem med alle slags bakgrunnar og på tvers av aldersgrupper. I tillegg til å vera den eldste miljøorganisasjonen i Noreg, er me òg den einaste landsomfattande, medlemsbaserte miljøorganisasjonen med fylkes- og lokallag over heile landet.

Alderen til tross, er Naturvernforbundet framleis oppegåande og framtidsretta – og arbeidet vårt er viktigare enn nokon gong i ei tid med akselererande klimaendringar, stadig fleire naturøydeleggingar, plastforsøpling og masseutrydding av artar. Etter meir enn 100 år ser me at det er minst like stor bruk for oss i dag, og me er klare for å kjempa for naturen og miljøet i 100 år til. Les meir om Naturvernforbundet Hordaland og sakene me jobbar for <her>.

 

Nyheter

Gjenbruksuken-Bergen-Foto-Bir-e1572951512827

Bli med på Gjenbruksuken!

Bergenserne ønsker å redusere forbruket sitt. Nå inviterer Bergen kommune, BIR og Naturvernforbundet Hordaland til en uke med aktiviteter for å gjøre det enklere, morsommere og mer meningsfylt å forbruke mindre.

Hordfast

Stans Hordfast!

Der Hordfast er enkelte partiers våte drøm, er monsterveiprosjektet også svært dårlig nytt for både klimaet og for den verdifulle myren, regnskogen og kystlandskapet som blir ødelagt. Derfor foreslår vi at vi lager nasjonalpark - ikke motorvei!

Viser fra 1 til 4 av totalt 500 artikler