Kva er dei viktigaste sakene i 2023?

Bli med å set kursen på årsmøtet 25. mars!

Foss i Hardanger, Hordaland

Tid: 25. mars kl. 14.00-17.30

Stad: Skrivargarden på Augustin Hotel, Bergen (C. Sundts gate 22)

Årsmøtet er det høgaste organet i Naturvernforbundet Hordaland, og som medlem* kan du vera med å påverka kursen for 2023. Her skal me diskutera vegen vidare, prioritera saker og tema i det komande året og velja nytt styre og leiar. Me håpar du vil vera med!

Alle medlemmar og lokallag er hjarteleg velkomne til å føreslå saker eller senda inn forslag til uttalar som årsmøtet skal handsama. Dette kan du senda til leiar Gabriel Fliflet på gabriel.fliflet@gmail.com eller til fylkessekretær Synnøve Kvamme på sk@naturvernforbundet.no innan 11. mars.

Her kan du sjå styret sitt forslag til arbeidsprogram for 2023:

Alle andre årsmøtepapirer:

Etter årsmøtesakene skal me debattera eit aktuelt og grunnleggande spørsmål for miljørørsla: Kan den økonomiske veksten halda fram? Med oss til å kasta lys over denne problemstillinga har me fått professor ved Høgskulen på Vestlandet, Jørgen Pedersen, som skal halda innlegg om motvekst, og Venstre-politikar Åsta Årøen, som skal halda innlegg om grøn vekst. Deretter har me ca. 45 minutt til diskusjon.

Program

  • Kl. 14.00 Opning og velkomst ved leiar Gabriel Fliflet
  • Kl. 14.05 Val av ordstyrar, referent og to til å skriva under referatet
  • Kl. 14.10 Godkjenning av innkalling og dagsorden
  • Kl. 14.15 Helsing frå generalsekretær i Naturvernforbundet, Gro Holstad
  • Kl. 14.20 Presentasjon av styret si årsmelding for 2022
  • Kl. 14.30 Godkjenning av revidert årsrekneskap 2022 og styret sitt forslag til budsjett 2023
  • Kl. 14.45 Forslag til arbeidsprogram 2023
  • Kl. 15.10 Pause
  • Kl. 15.20 Saker frå styret, medlemmar eller lokallag
  • Kl. 15.35 Valkomiteen presenterer forslag til leiar, styremedlemmar og revisor, styret presenterer forslag til valkomité
  • Kl. 15.45 Val

Valkomiteen si innstilling

Nytt styre

Leiar (for 1 år): Tom Skauge

Styremedlem (for 2 år): Gabriel Fliflet (har vore leiar dei siste åra)

Styremedlem (for 2 år): William Helland-Hansen (attval)

Styremedlem (for 2 år): Ragnhild Gya (ny)

Styremedlem (for 2 år): Knut Espelid (attval)

Styremedlem (for 1 år): Bård Larsen (attval)

Styremedlem (for 1 år): Ruben Thormodsæter (ny)

Følgjande styremedlemmar er ikkje på val i år: Hallvard Birkeland

1. vara (for 1 år): Helene Vacarisas (attval)

2. vara (for 1 år): Oddvar Soldal (valt som 1. vara på årsmøtet 2022, rykka opp som fast styremedlem i august då eit fast medlem gjekk ut)

3. vara (for 1 år): Siri Vatsø Haugum (attval)

Revisor: Roger Sleire i Revisorgruppen Hordaland (attval)

Styret si innstilling til valkomité

Ingar Flatlandsmo (attval)

Sivert Straume (attval)

Tone Salomonsen (ny)

  • Kl. 15.50 Pause
  • Årsmøtetema: Kan den økonomiske veksten halda fram? Er grøn vekst eller motvekst svaret?
  • Kl. 16.15 Innlegg av Åsta Årøen om grøn vekst
  • Kl. 16.30 Innlegg av Jørgen Pedersen om motvekst
  • Kl. 16.45-17.30 Diskusjon og debatt
  • Kl. 18.00 Årsmøtemiddag på Bryggen Tracteursted.

*Alle som har vore medlem av Naturvernforbundet i 6 månader eller meir, og som har betalt kontingent for inneverande år, har stemmerett på årsmøtet. Nyare medlemmar har tale- og forslagsrett.