Du er her:

Fokus på regional miljøpolitikk

Naturvernforbundet i Kvam inviterer til miljøpolitisk folkemøte i Kvam rådhus i Norheimsund onsdag 26. august kl 19.00. Ni politiske parti stiller med med kandidatar som står høgt oppe på lista til stortingsvalet.

Naturvernforbundet i Kvam inviterer til å dekka møte: Fokus på regional miljøpolitikk

Naturvernforbundet i Kvam vil ha den regionale miljøpolitikken på saklista i valkampen framfor stortingsvalet når laget inviterer til miljøpolitisk folkemøte i Kvam rådhus i Norheimsund onsdag 26. august kl 19.00. Ni politiske parti stiller med med kandidatar som står høgt oppe på lista til stortingsvalet.

Dei vil mellom anna få gjera klart for partiet sitt syn på:

- Kabling av den planlagde 420 kV-linja frå Sima i Eidfjord til Samnanger. Det er endå meir aktuelt når Statnett og NVE berre legg planar for luftspenn på minst 3000 km med nytt sentralnett over heile landet.

- Kraftutbygging i vassdrag som alt er verna og i gjenverande urørte elvar som ikkje er verna. Landsmøtet i Noregs Naturvernforbund gjekk i helga inn for at det må utarbeidast ein ny verneplan for dei vassdraga som er urørte.

- Forvalting av villfisk og oppdrettsnæringa i Hardangerfjorden. Svært aktuelt etter at Fiskeridepartementet har kome med framlegg med nye føresegner for Hardangerfjorden.

Desse politikarane stiller opp: Gjermund Hagesæter, Framstegspartiet, Eivind Nævdal Bolstad, Høgre, Inge Børslien, Venstre, Arne Opsahl Engen, Kristeleg folkeparti, Jakob Bjelland, Senterpartiet, Hilde M. Lydvo, Arbeidarpartiet, Einar Horvei, Sosialistisk venstreparti, Terje Kollbotn, Raudt og Øyvind Strømmen, Miljøpartiet dei Grøne.

Ta gjerne kontakt med underteikna

Naturvernforbundet i Kvam v/ leiar Oddvar Soldal Oddvar Soldal, Kyrhagen 32, 5610 Øystese tlf 90628548

Nyheter

Norway-3611382_1920

Kritisk til nye oppdrettsannlegg i Hardanger

28.04.2021 | Sist oppdatert: 10.11.2021

Oppdrettsselskapa Eide Fjordbruk og Lingalaks har søkt om å ta i bruk to nye område i Samlafjorden. Naturvernforbundet Hordaland og Naturvernforbundet i Kvam er svært kritisk til planane.

Endelausmarka, ny motorvei på E39 Rådal Foto Statens vegvesen Hawkeye
LANSERER VISJON FOR BERGEN 2030

Nok er nok av bit for bit!

11.06.2019 | Sist oppdatert: 20.06.2019

Bit for bit bygges naturen vår ned - også i Bergen. Siden 2010 har areal tilsvarende hele Bergen sentrum gått fra grønt til grått. "Gode, Grønne Bergen - en by for bier og bergensere" er Naturvernforbundet Hordalands visjon for et Bergen som i 2030 er Norges grønneste storby, en by der natur ikke lenger ødelegges bit for bit.

Oystesevassdraget-reddet

Regjeringen bevarer Øystesevassdraget

28.08.2017 | Sist oppdatert: 24.04.2018

Regjeringen gikk i dag inn for å bevare det unike Øystesevassdraget i Hordaland. Enestående elvenatur er nå reddet. – Dette er en stor seier! Øystesevassdraget er en nasjonal perle, sier Silje Ask Lundberg, leder i Naturvernforbundet.

Viser fra 1 til 4 av totalt 158 artikler