Du er her:

  • Hordaland
  • Gode alternativ til luftlinje i Hardanger

Foto: Ingar Flatlandsmo

Gode alternativ til luftlinje i Hardanger

Framlegginga av dei fire rapportane frå utvala som har vurdert sjøkabel og luftlinje i Hardanger, viser saman med ”den femte rapporten” frå Bevar Hardanger at det er gode og tenlege alternativ til ei luftlinje frå Sima til Samnanger.

Skrevet av: Oddvar Soldal, leiar i Naturvernforbundet i Kvam

Naturvernforbundet i Kvam starta motstandsarbeidet for nesten seks år sidan, våren 2005, og var med å stifta Folkeaksjonen for sjøkabel som den siste tida er avløyst av Bevar Hardanger. Me har vore med og lagt fram alternativ informasjon med fokus på energiøkonomisering, spenningsoppgradering og manglande samfunnsøkonomi for å unngå å byggja ut eit 90 kilometer langt luftspenn gjennom eit fjordlandskap som er unikt internasjonalt. Luftlinja er planlagt med tre fjordkryssingar og tek i bruk eit område på omlag 5.000 dekar, det tilsvarar 1000 fotballbanar.

For fire år sidan, i byrjinga av februar 2007, skipa Folkeaksjonen for sjøkabel til ein stor konferanse om linja og alternativ til linja i Øystese. Sjøkabel var det viktigaste temaet, oppgradering av eksisterande nett, energisparing og økonomisering var også teke opp på breitt grunnlag. Alt då kunne Statnett og NVE gripe sjansen og teke det med i sine utgreiingar. Frå Statnett og NVE vart det gong etter gong vist til at det var søkt om luftlinje og det var den som skulle diskuterast. Det måtte tre og eit halvt år aksjonsarbeid til før det vart letta på skylappane:  I august 2010 vart dei fire utvala vart sett ned for å vurdera sjøkabel som svar på ein massiv klage på vedtaket om å gje konsesjon til luftlinja. Aldri har politikarane i Hardanger og Hordaland vore meir samla mot eit sentralt vedtak.

I løpet av dei nær seks åra har det vorte klarare og klarare at energiøkonomisering som fører til mindre bruk av elektrisk kraft, er den løysinga som har best samfunnsøkonomi. Medan Statnett, BKK og NVE argumenterer med auka forbruk, planlegg fylkespolitikarane i Hordaland det motsette. I den vedtekne klimaplanen for fylket for perioden 2010 til 2020 er hovudmål for energi:  ”Energibruk til stasjonære føremål og prosessføremål i Hordaland skal reduserast med 30 prosent innan 2020 og 50 prosent innan 2050”.

Alt frå dei fyrste møta hausten 2005 og i konsesjonssøknaden frå våren 2006 har Statnett og NVE argumentert med at det hasta med å få linja på plass. Linja måtte på plass i løpet av to-tre år. I det siste har statsråden argumentert med det same. Dei har aldri hatt det same hastverket med å greia ut alternativ. Sjølv no når ein av konklusjonane frå utvala er at oppgradering av eksisterande linje frå Sauda til Samnanger til 420 kV er best for miljøet, og kanskje best samfunnsøkonomisk, vil ikkje Olje- og energidepartementet gripa sjansen og greia det meir ut. Utvala påviser også at Bergen si elektrisitetsforsyning ligg godt innafor det akseptable. Likevel avviser departementet både nye utgreiingar og stortingsdebatt om saka.

Hastverket med skylappar held fram: -Denne saka er godt nok vurdert. No må vi ta ei avgjerd, seier politisk rådgjevar Ivar Vigdenes (Sp) i Olje- og energidepartementet til Bergens Tidende 6. februar i år.

Potensialet for energisparing er stort. I rapporten ”Krafttak for riktig kraftbruk” utarbeidd av Norsk Industri, NITO og Norges Naturvernforbund som vart offentleggjort 27. sept i fjor, vert det vist til at det kan sparast 19 TWh kraft innan 2020 berre i bygningar og industri. Det tilsvarar 30 Alta-kraftverk eller meir enn 4 gonger den straumen som husstandane i Oslo brukte i 2008. Ein annan rapport lagt fram av Siemens og Bellona 20. januar i år viser at energiforbruket i Bergen kan reduserast med 29 prosent. Dette kan skje ved kjende grep som ikkje set ned komforten for folk. Forbruket vert dempa i korte periodar og fjernar effekttoppane. Dermed får linjene til Statnett rikeleg kapasitet, også på dei kaldaste dagane.

Artikkelen ble sist oppdatert: 08.02.2011

Nyheter

Aurstadfossen i more og romsdal foto naturvernforbundet

Naturvernforbundet Hordaland går imot vasskraftutbygging av Miljateig- og Skålneselva

02.09.2013 | Sist oppdatert: 02.09.2013

Miljateig-Skålnes Kraft AS har søkt om konsesjon til vasskraftutbygging av Miljateig- og Skålneselva i Etne kommune. Utbygginga vil medføra nær tørrlegging av nedre delen av Miljateigelva og sterkt redusert vassføring i Skålneselva, med konsekvensar for truga naturtypar som bekkekløft- og fossesprøytsoner. Høyringsuttalinga er den siste av ei lang rekke av konsesjonssøknadar om vasskraftutbygging som truleg ikkje ville vore lønsame utan grøne sertifikat. Fordi desse vasskraftutbygginga trugar naturmangfaldet, undrast Naturvernforbundet Hordaland om dei ikkje burde kallas grå sertifikat i staden for grøne.

Skremt av utbyggingsplaner på Folgefonnhalvøya

15.07.2013 | Sist oppdatert: 15.07.2013

Naturvernforbundet Hordaland har skrive høyringsuttalar til åtte av dei 13 småkraftverka som det er søkt om konsesjon for på Folgefonnhalvøya, i Kvinnherad, Jondal og Ullensvang kommunar.

Referat fra Naturlig onsdag 5. juni 2013

Gambling med lofottorsken?

15.07.2013 | Sist oppdatert: 15.07.2013

Onsdag 5. juni var verdens miljødag, og naturlig nok også dato for vårens siste Naturlig onsdag. Dette var også Naturlig-onsdag-konseptets initiativtaker og koordinator, Jorunn Vallestads siste kveld i førersetet. Betimelig nok var da også temaet for kvelden en av samtidens virkelig store miljøsaker: Sikkerheten og de miljømessige konsekvensene forbundet med en eventuell oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja.

Viser fra 17 til 20 av totalt 156 artikler