Du er her:

  • Hordaland
  • Klagar verftsplanar til departementet

Klagar verftsplanar til departementet


Hansvågen er et unikt naturområde (Foto: Pål Biseth)
Naturvernforbundet påklaga i dag som varsla Kvam heradsstyre si godkjenning av Fjellstrand AS sine planar om verftsutbygging på Neshalvøya til Miljøverndepartementet. Leiar i Naturvernforbundet Hordaland, Ingar Flatlandsmo, meinar at saka er usedvanleg sterk.

I klagen viser Naturvernforbundet mellom anna til at utgreiinga av alternative lokaliseringar er svært mangelfull, til tross for at Miljøverndepartementet i uttalen til planprogrammet nettopp understreka behovet for ei god og brei vurdering av alternative lokaliseringar.

Vidare viser klagen at ei nedbygging av Hansvågen bryt med ei rekkje nasjonale mål og forpliktingar knytt til biologisk mangfald, strandsonevern, kulturlandskap, jordressursar og grunnlag for, samt fremming av reiseliv og turistnæring. Naturvernforbundet ynskjer at Fjellstrand skal få etablera seg i Hardanger, men meinar det er svært kritikkverdig at utbyggjar ikkje har vurdert utbygginga i eit regionalt perspektiv. Ein stiller også spørsmålsteikn ved at det påståtte arealbehovet til verftet har vorte dobla i løpet av planprosessen. Omsynet til verdiane i strandsona har vorte ei fanesak for miljøvernminister Solheim. Også dette bør tale for at det unike området i Hansvågen må vernast.

Mellom anna på dette grunnlaget ber Naturvernforbundet om at Miljøverndepartementet seier nei til nedbygging av Hansvågen. Les heile klagen her:

Nyheter

Norway-3611382_1920

Kritisk til nye oppdrettsannlegg i Hardanger

28.04.2021 | Sist oppdatert: 10.11.2021

Oppdrettsselskapa Eide Fjordbruk og Lingalaks har søkt om å ta i bruk to nye område i Samlafjorden. Naturvernforbundet Hordaland og Naturvernforbundet i Kvam er svært kritisk til planane.

Endelausmarka, ny motorvei på E39 Rådal Foto Statens vegvesen Hawkeye
LANSERER VISJON FOR BERGEN 2030

Nok er nok av bit for bit!

11.06.2019 | Sist oppdatert: 20.06.2019

Bit for bit bygges naturen vår ned - også i Bergen. Siden 2010 har areal tilsvarende hele Bergen sentrum gått fra grønt til grått. "Gode, Grønne Bergen - en by for bier og bergensere" er Naturvernforbundet Hordalands visjon for et Bergen som i 2030 er Norges grønneste storby, en by der natur ikke lenger ødelegges bit for bit.

Oystesevassdraget-reddet

Regjeringen bevarer Øystesevassdraget

28.08.2017 | Sist oppdatert: 24.04.2018

Regjeringen gikk i dag inn for å bevare det unike Øystesevassdraget i Hordaland. Enestående elvenatur er nå reddet. – Dette er en stor seier! Øystesevassdraget er en nasjonal perle, sier Silje Ask Lundberg, leder i Naturvernforbundet.

Viser fra 1 til 4 av totalt 158 artikler