Du er her:

Luftspenn eller kabel?

6.-7. februar 2007 arrangerer "Folkeaksjonen i Hardanger for kraftoverføring med sjøkabel" konferansen Luftspenn eller kabel? på Hardanger Fjordhotell i Øystese.

28.01.2007

Bakgrunn: Norsk kraft- og forsyningsproblematikk har endra seg drastisk dei siste åra. Tidlegare var den kraftkrevjande industrien lokalisert nær kraftverka, men slik er det ikkje i dag. Nedbygging av tungindustrien i fjordane, kombinert med industri og oljerelaterte kraftbehov på kysten, vil vera med å forma den framtidige kraftinfrastrukturen.

Konferansen vil ha fokus på utviklinga av sentralnettet dei næraste åra. Kan meir bruk av kabel versus luftspenn vera ein del av ny sentralnettpolitikk? Kan Statnett framleis bruka den gamle modellen til finansiering av desse store utbyggingane, eller er det på tide å tenkja nytt? Kanskje kraftprodusentane og dei store forbrukarane må ta ein større del av kostnaden med å flytta krafta! Dei siste planane til Statnett har møtt brei motstand i folket som bur i dei råka områda, og dei politiske partia har kome med tydelege fråsegner. Kan ein sjå konturane av ein ny, framtidsretta norsk sentralnettpolitikk?

Programmet kan lastes ned i pdf format her

Artikkelen ble sist oppdatert: 07.12.2010

Nyheter

Koldalsfossen

Ny småkraftpakke i Kvam, Fusa og Samnanger

01.07.2014 | Sist oppdatert: 22.08.2014

Forum for Natur og Friluftsliv (FNF), som er ein paraplyorganisasjon for Naturvernforbundet, Turlaget og Jeger- og Fiskeforbundet i Hordaland, har skrive høyringsuttalar til åtte av dei 12 småkraftverka i den nye småkraftpakken i Kvam, Fusa og Samnanger. Fristen gjekk ut 30. juni, og Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) skal no vurdera kraftverka og koma med tilråding til Olje- og Energidepartementet. I Folgefonnpakka fekk halvparten av konsesjonssøknadene avslag, og Naturvernforbundet Hordaland håpar at det blir like bra resultat i «Kvammapakko».

Løa(1)

Naturlig onsdag: Bygg med vett

23.05.2014 | Sist oppdatert: 02.06.2014

Svært mange har fått med seg at det er positivt for miljøet å spare energi i huset, men hvilken betydning har det egentlig hva huset er bygget av? Onsdag 4. juni 2014 kl. 19:00 kommer Maren Esmark, generalsekretær i Naturvernforbundet og arkitekt Espen Folgerø til Litteraturhuset i Bergen for å gi svar.

Raudsildre8878b Foto Jan Rabben - frå boka Høgt og lågt i Kvinnherad - til bruk i marknadsføring av skogseminar på Varaldsøy

Skogakurs om biologisk mangfald på Varaldsøy

23.05.2014 | Sist oppdatert: 23.05.2014

Varaldsøy har mykje gamal skog med stort biologisk mangfald, mellom anna holeiker, barlind, kristorn og verna edellauvskog. Naturvernforbundet i Kvinnherad inviterar difor til tre dagar med skogakurs om biologisk mangfald på Varaldsøy. Deltakarane bur i Hestvika konferansesenter eller på Kamphaug hos John Anton Tangerås, og prisen er berre 200 kroner medrekna mat og overnatting.

Folgefonna over juli 70

Natur framfor utbygging i 6 småkraftverksaker

13.05.2014 | Sist oppdatert: 15.05.2014

Naturvernforbundet Hordaland helsar velkomen den aukande skepsisen i NVE mot den ukontrollerte og subsidierte utbygginga av små og mellomstore vassdrag i Hordaland, og håpar at dette innvarslar ein meir ansvarleg energipolitikk.

Viser fra 13 til 16 av totalt 158 artikler