Du er her:

  • Hordaland
  • Natur framfor utbygging i 6 småkraftverksaker
Bilde fra Folgefonna

Bilde fra Folgefonna.

Natur framfor utbygging i 6 småkraftverksaker

Naturvernforbundet Hordaland helsar velkomen den aukande skepsisen i NVE mot den ukontrollerte og subsidierte utbygginga av små og mellomstore vassdrag i Hordaland, og håpar at dette innvarslar ein meir ansvarleg energipolitikk.

Etter at ordninga med grøne sertifikat kom i stand for få år sidan, har det vore ein eksplosjon i konsesjonssøknader på mindre vassdrag her i landet, og i dag ligg det 190 søknader på vent i Hordaland og 700 i heile landet. Sertifikatordninga er i realiteten ei subsidiering av vind- og vasskraftutbygging som elles ikkje hadde vore lønsam. Naturvernforbundet Hordaland (NVH) meiner at det er feil å la naturen betala prisen for utbygging av fornybar energi, slik at me skal kunna halda fram med å sløsa med energi som før, og vil heller ha ei ordning med kvite sertifikat som premierer energisparing. I fjor sende Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) ut på høyring 13 småkraftverk i Kvinnherad, Jondal og Ullensvang, med høyringsfrist 15. juli, midt i sommarferien, men ved hjelp av dei dyktige unge frivillige i naturmangfaldgruppa greidde NVH å skriva kritisk høyringsuttale på 8 kraftverk.

På NVE si heimeside kunne ein nyleg lesa at fire av dei åtte vassdraga som NVH uttalte seg om i fjor, hadde fått avslag, nemleg Børsdalselva og Valedalselva i Kvinnherad og Grimeelva og Sævarhagen i Jondal (Herand). I tillegg har to andre kraftverk i Jondal fått avslag, nemleg Tveddal og Breisete, desse sende Bergen Turlag inn kritiak høyringsuttale om. Det er oppsiktsvekkande at nesten halvparten av kraftverka i «Folgefonnpakka» har fått avslag, for andelen har tidlegare lege på 20-30%. Naturvernforbundet ser dette som teikn på aukande skepsis i NVE mot den subsidierte vasskraftutbygginga, og kanskje også på at naturvernet gjer ein betre jobb med å dokumentera skadeverknadene. Både Børsdalen og Valedalen er populære turområde for lokalsamfunna i Kvinnherad, men her er også store naturverdiar, blant anna er det observert hekkande kongeørn og to raudlista moseartar i Børsdalselva. I Herand har nyleg Herand Kraft fått konsesjon på utbygging av Storelva, dermed får dei to mindre vassdraga Grimeelva og Sævarhagen større verdi, ut frå omsynet til samla belastning. I desse to vassdraga er det dessutan dokumentert verneverdige naturtypar som bekkekløft- og fossesprøytsoner, naturtypar som vil bli øydelagt i Storelvi etter den planlagte utbygginga. Mange menneske i Herand nyttar området til friluftsformål, blant anna driv Folgefonna Breførarlag naturbasert turisme i området. Jondal er vel den kommunen i heile Hordaland utanom Modalen med den høgaste andelen av utbygde vassdrag

Naturvernforbundet Hordaland helsar velkomen den aukande skepsisen i NVE mot den ukontrollerte og subsidierte utbygginga av små og mellomstore vassdrag i Hordaland, og håpar at dette innvarslar ein meir ansvarleg energipolitikk

 

For spørsmål og kommentarar kontakt Oddvar Skre, leiar i Naturmangfaldsgruppa i Naturvernforbundet Hordaland, på e-post oddvar@nmvskre.no eller tlf 909 64 834.

Artikkelen ble sist oppdatert: 15.05.2014

Nyheter

Norway-3611382_1920

Kritisk til nye oppdrettsannlegg i Hardanger

28.04.2021 | Sist oppdatert: 10.11.2021

Oppdrettsselskapa Eide Fjordbruk og Lingalaks har søkt om å ta i bruk to nye område i Samlafjorden. Naturvernforbundet Hordaland og Naturvernforbundet i Kvam er svært kritisk til planane.

Endelausmarka, ny motorvei på E39 Rådal Foto Statens vegvesen Hawkeye
LANSERER VISJON FOR BERGEN 2030

Nok er nok av bit for bit!

11.06.2019 | Sist oppdatert: 20.06.2019

Bit for bit bygges naturen vår ned - også i Bergen. Siden 2010 har areal tilsvarende hele Bergen sentrum gått fra grønt til grått. "Gode, Grønne Bergen - en by for bier og bergensere" er Naturvernforbundet Hordalands visjon for et Bergen som i 2030 er Norges grønneste storby, en by der natur ikke lenger ødelegges bit for bit.

Oystesevassdraget-reddet

Regjeringen bevarer Øystesevassdraget

28.08.2017 | Sist oppdatert: 24.04.2018

Regjeringen gikk i dag inn for å bevare det unike Øystesevassdraget i Hordaland. Enestående elvenatur er nå reddet. – Dette er en stor seier! Øystesevassdraget er en nasjonal perle, sier Silje Ask Lundberg, leder i Naturvernforbundet.

Viser fra 1 til 4 av totalt 158 artikler