
Foto: Naturvernforbundet
Naturvernforbundet Hordaland går imot vasskraftutbygging av Miljateig- og Skålneselva
Miljateig-Skålnes Kraft AS har søkt om konsesjon til vasskraftutbygging av Miljateig- og Skålneselva i Etne kommune. Utbygginga vil medføra nær tørrlegging av nedre delen av Miljateigelva og sterkt redusert vassføring i Skålneselva, med konsekvensar for truga naturtypar som bekkekløft- og fossesprøytsoner. Høyringsuttalinga er den siste av ei lang rekke av konsesjonssøknadar om vasskraftutbygging som truleg ikkje ville vore lønsame utan grøne sertifikat. Fordi desse vasskraftutbygginga trugar naturmangfaldet, undrast Naturvernforbundet Hordaland om dei ikkje burde kallas grå sertifikat i staden for grøne.
Grøne sertifikat og utbygging av vassdrag i Hordaland
Etter at grøne sertifikat blei lansert for få år sidan har det blitt meir lønsamt å byggje ut vassdrag. Talet på konsesjonssøknadar til kraftutbygging i elver, fossar og vassdrag i Hordaland har auka dramatisk etter at ordninga blei innført. Grøne sertifikat skal legga til rette for utbygging av fornybar energi. Naturvernforbundet Hordaland meiner det er bra å bygga ut meir fornybar energi, men er kritisk til utbygging som trugar sjeldne naturtypar. I Hordaland er 80 % av alle vassdrag allereie bygd ut til kraftproduksjon. Difor er det sjeldan ein god idé for naturmangfaldet å demme opp og leggje i rør endå meir av vassdragsnaturen i Hordaland. Naturmangfaldsgruppa i Naturvernforbundet har difor hatt det travelt med å skrive høyringsuttalingar for å unngå tap av naturmangfald.
Utbygging av Miljateig- og Skålneselva vil skada miljøet
Miljateig-Skålnes Kraft AS har søkt om konsesjon til vasskraftutbygging av Miljateig- og Skålneselva i Etne kommune. Utbygginga vil medføra nær tørrlegging av nedre delen av Miljateigelva og sterkt redusert vassføring i Skålneselva, med konsekvensar for truga naturtypar som bekkekløft- og fossesprøytsoner. Den medfører også ein stor reduksjon i arealet av det siste villmarksprega området i Etnefjella og store landskapsmessige skader på fjordlandskapet ved Åkrafjorden.
Manglande kunnskapsgrunnlag
Konsulentfirmaet Ambio gjennomførte feltarbeidet i Miljateig- og Skålneselva på ei tid
på året då det er få fugleobservasjonar. Difor gjev ikkje rapporten eit godt nok kunnskapsgrunnlag om dei konsekvensane utbygginga vil ha i området. Den omsøkte utbygginga vil påverka eit rikt biologisk mangfald i influensområdet, med blant anna raudlista kvitryggspett, i tillegg til ein raudlista moseart (kysttettemose). Om den raudlista fossekallen fins i vassdraget, er ikkje undersøkt. Eit grundigare feltarbeid bør difor gjennomførast på eit meir passande tidspunkt.
Naturvernforbundet Hordaland går i mot utbygginga.
Det kunnskapsgrunnlaget vi har i dag, står ikkje i eit rimeleg forhold til den risikoen for skade på naturmangfaldet som utbygginga representerer, og oppfyller dermed ikkje §8 og §9 i Naturmangfaldlova om føre var prinsippet og kravet om kunnskapsbasert forvaltning.
På grunn av manglande kunnskapsgrunnlag og fordi dei to vassdraga er viktige for friluftslivet og representerer landskapsmessige kvalitetar som ikkje fins hos dei større verna vassdraga i Åkrafjorden, går Naturvernforbundet Hordaland mot utbygginga av Miljateig- og Skålnesvassdraga.
Les heile høyringsuttalinga
Høyringsuttalelse om Miljateig
.
Bilete: Oddvar Skre saksbehandlar, biolog og leiar i Naturmangfaldsgruppa
Artikkelen ble sist oppdatert: 02.09.2013