Du er her:

  • Hordaland
  • Ny småkraftpakke i Kvam, Fusa og Samnanger
Bilete frå Koldalsfossen

Bilete frå Koldalsfossen (fotograf-k.tumblr.com).

Ny småkraftpakke i Kvam, Fusa og Samnanger

Forum for Natur og Friluftsliv (FNF), som er ein paraplyorganisasjon for Naturvernforbundet, Turlaget og Jeger- og Fiskeforbundet i Hordaland, har skrive høyringsuttalar til åtte av dei 12 småkraftverka i den nye småkraftpakken i Kvam, Fusa og Samnanger. Fristen gjekk ut 30. juni, og Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) skal no vurdera kraftverka og koma med tilråding til Olje- og Energidepartementet. I Folgefonnpakka fekk halvparten av konsesjonssøknadene avslag, og Naturvernforbundet Hordaland håpar at det blir like bra resultat i «Kvammapakko».

Dei åtte vassdraga representerer vidt ulike verneverdiar. Tre av vassdraga (Frydlielva, Skåro og Kastdalselva) ligg i indre delen av Fyksesundet, som er eit vilt og vakkert fjordlandskap, som enno har stor turistverdi, trass i at det går ei kraftline over. Naturmangfaldet er stort, dette gjeld også andre vassdrag som Matlandselva i Fusa, der det er registrert fire raudlista moseartar i tilknytning til vassdraget, og Dalatjørna i Strandebarm (Kvam) der det er observert raudlista storsalamander i nedslagsfeltet, reirplassar for hubro og spelplassar for tiur og orrfugl. Andre stader som Dukebotn i Samnanger ovanfor Kvitingen, og Sandelva på vestsida av Samnangerfjorden, er populære frilufts- og turområde der elva er eit dominerande landskapselement. I Samnanger har vi også det omdiskuterte kraftverket Jarlshaug – mellom Jarland og Haug – der utbyggjarane ønskjer å byggja eit småkraftverk på 999 kW, altså like under grensa på 1 MW for kor mykje det er lov å byggja ut i sidevassdrag til verna vassdrag. Eikedalsvassdraget med Fossen Bratte er som kjent eit av desse.

Matlandselva er eksempel på noko vi dessverre ofte ser, at utbyggjar prøver å få konsesjon på utbygging ved å kombinera kraftverket med andre formål, i dette tilfelle eit vassverk. Men vassverket i Hafskorvatnet er noko som kan byggjast også utan at elva blir lagt i røyr.

Litt spesiell er også Koldalsfossen, som ligg midt i Eikelandsosen, som er kommunesenteret i Fusa. Denne flotte fossen har tidlegare fått redusert vassføringa kraftig, og mange i Eikelandsosen ønskjer at vatnet framleis skal få renna fritt. Dei mange kulturminna rundt fossen vitnar om tidlegare tiders utnytting av fossekrafta, og med litt rydding og restaurering kan dette bli ein av dei store turistattraksjonane i Fusa, som ikkje blir heilt det same dersom det ikkje renn vatn i fossen.

Småkraft blir ofte framstilt som eit klimatiltak, som skal erstatta olje og gass med rein fornybar energi. Men Naturvernforbundet meiner at det ikkje er rett å la naturen betala for denne fornybarsatsinga, og at det er betre å premiera energisparing enn sløsing med fornybar energi. Landet vårt har alt overoppfylt EU sitt fornybardirektiv sitt krav på 67%. Dessutan leverer småkraftverk stort sett energi berre om sommaren, i den årstida då vi har minst bruk for kraft. 

 

For spørsmål kontakt Oddar Skre, leiar i Naturmangfaldsgruppa, på e-post oddvar@nmvskre.no eller tlf 909 64 834

Artikkelen ble sist oppdatert: 22.08.2014

Nyheter

Norway-3611382_1920

Kritisk til nye oppdrettsannlegg i Hardanger

28.04.2021 | Sist oppdatert: 10.11.2021

Oppdrettsselskapa Eide Fjordbruk og Lingalaks har søkt om å ta i bruk to nye område i Samlafjorden. Naturvernforbundet Hordaland og Naturvernforbundet i Kvam er svært kritisk til planane.

Endelausmarka, ny motorvei på E39 Rådal Foto Statens vegvesen Hawkeye
LANSERER VISJON FOR BERGEN 2030

Nok er nok av bit for bit!

11.06.2019 | Sist oppdatert: 20.06.2019

Bit for bit bygges naturen vår ned - også i Bergen. Siden 2010 har areal tilsvarende hele Bergen sentrum gått fra grønt til grått. "Gode, Grønne Bergen - en by for bier og bergensere" er Naturvernforbundet Hordalands visjon for et Bergen som i 2030 er Norges grønneste storby, en by der natur ikke lenger ødelegges bit for bit.

Oystesevassdraget-reddet

Regjeringen bevarer Øystesevassdraget

28.08.2017 | Sist oppdatert: 24.04.2018

Regjeringen gikk i dag inn for å bevare det unike Øystesevassdraget i Hordaland. Enestående elvenatur er nå reddet. – Dette er en stor seier! Øystesevassdraget er en nasjonal perle, sier Silje Ask Lundberg, leder i Naturvernforbundet.

Viser fra 1 til 4 av totalt 158 artikler