Du er her:

  • Hordaland
  • Reagerer kraftig på planar om rasering av Eikemo

Reagerer kraftig på planar om rasering av Eikemo


Foto: Anne Kari Enes, Kvinnherad Turlag
Sunnhordland Kraftlag (SKL) si planlagde utbygging av Eikemovassdraget i Etne vil medføre det største tapet av inngrepsfritt område i fylket på mange år. Naturvernforbundet Hordaland (NVH) krev at styresmaktene sett foten ned.

Dette skriv forbundet i eit brev til Noregs Vassdrags- og Energidirektorat (NVE). Rundt 16 kvadratkilometer som i dag er definert som inngrepsfrie etter INON-definisjonen vil forsvinna dersom SKL får det som dei vil. Området er i dag del av eit samanhengande inngrepsfritt område på 48 kvadratkilometer, som strekk seg inn i Folgefonna nasjonalpark.

- I dei statlege ”Retningslinjer for små kraftverk” heiter det at ein skal unngå utbygginar i slike verdifulle INON-område. Me reknar difor med at NVE vil seie nei til utbygging, sier leiar i Naturvernforbundet Hordaland, Ingar Flatlandsmo.

Vidare er forbundet uroa over dei negative konsekvensane ei overføring av vatn frå øvre deler av Eikemovassdraget til Blåfalli vil ha for det biologiske mangfaldet i elva og rundt. Den sterkt reduserte vassføringa vil mellom anna verka negativt inn på aurebestanden og fossekallen.

- Dersom norske styresmakter har meint alvor når dei har forplikta seg til å stoppa tapet av biologiske mangfald innan 2010 må det vera sjølvsagt at dei seier nei til utbyggingar av denne typen, avsluttar Flatlandsmo. Denne saka er av ein slik karakter at dersom NVE skulle tillata utbygging vil Naturvernforbundet Hordaland måtte klage vedtaket inn til Olje- og Energidepartementet.

For meir informasjon: Ingar Flatlandsmo, leiar i Naturvernforbundet Hordaland, 926 20 544

Nyheter

Norway-3611382_1920

Kritisk til nye oppdrettsannlegg i Hardanger

28.04.2021 | Sist oppdatert: 10.11.2021

Oppdrettsselskapa Eide Fjordbruk og Lingalaks har søkt om å ta i bruk to nye område i Samlafjorden. Naturvernforbundet Hordaland og Naturvernforbundet i Kvam er svært kritisk til planane.

Endelausmarka, ny motorvei på E39 Rådal Foto Statens vegvesen Hawkeye
LANSERER VISJON FOR BERGEN 2030

Nok er nok av bit for bit!

11.06.2019 | Sist oppdatert: 20.06.2019

Bit for bit bygges naturen vår ned - også i Bergen. Siden 2010 har areal tilsvarende hele Bergen sentrum gått fra grønt til grått. "Gode, Grønne Bergen - en by for bier og bergensere" er Naturvernforbundet Hordalands visjon for et Bergen som i 2030 er Norges grønneste storby, en by der natur ikke lenger ødelegges bit for bit.

Oystesevassdraget-reddet

Regjeringen bevarer Øystesevassdraget

28.08.2017 | Sist oppdatert: 24.04.2018

Regjeringen gikk i dag inn for å bevare det unike Øystesevassdraget i Hordaland. Enestående elvenatur er nå reddet. – Dette er en stor seier! Øystesevassdraget er en nasjonal perle, sier Silje Ask Lundberg, leder i Naturvernforbundet.

Viser fra 1 til 4 av totalt 158 artikler