Du er her:

Her er ferga Fitjar på veg over Bjørnefjorden. I framtida kan alle ferjestrekningar langs E39 bli erstatta av gigantiske bruer og lange undersjøiske tunnelar.

Her er ferga Fitjar på veg over Bjørnefjorden. I framtida kan alle ferjestrekningar langs E39 bli erstatta av gigantiske bruer og lange undersjøiske tunnelar. Foto: Bjørn Ottosen

Misvisande om ferjefri E39 i BT

I eit innlegg i Bergens Tidende 19. desember 2012 uttrykte Naturvernforbundet Hordaland sin skuffelse over avisas framstilling av saka om ferjelaus E39. Innlegget kan du lese her.

Misvisande om ferjefri E39 i BT

Dei av oss som ønskjer at Bergens Tindende skal vera ei avis som driv med balansert, kritisk og etterretteleg journalistikk i store miljø- og samferdslesaker, blei grundig skuffa av reportasjen i søndagsnummeret 2. desember. Hovudoppslaget er påstanden om at dei som reiser mellom Bergen og Stord, vil få halvert reisetid, dersom det berre vert bygt nok bruer og vegar. Om ikkje noko anna, dokumenterer reportasjen tydeleg kva som er hovudformålet ved desse gigantprosjekta, nemleg å auka pendlaravstanden til Bergen og gjera det mogeleg for stadig fleire å arbeida ein heilt annan stad enn der dei bur. På langt sikt skal det skapast ein felles arbeidsmarknad etter ”fri flyt”-prinsippet frå Bergen til Stavanger. Fleire folk skal reisa lenger. At auka pendling og mangedobling av trafikkmengda betyr auka forureining og strir mot vedtekne klimamål, er ikkje teke med i reknestykket. Vi manglar totalt eit budsjett over utsleppskostnadene ved dei ulike alternativa, med og utan ferje, der også klimakostnadene ved bygging av den omtala gigantbrua over Bjørnafjorden blir tekne med, slik det skjedde med høgfartsbanen mellom Bergen og Oslo.

Eit anna moment som knapt er vurdert, er skadane på kulturlandskap og naturmiljø ved dei ferjefria alternativa. Det er eit tankekors at Bergens Tidende i sakene om Hardangerbrua, monstermastene i Hardanger og kraftlina Kollsnes-Mongstad brukte store ressursar på å visualisera inngrepa, men ikkje nemner eit ord om det mykje større naturinngrepet som ferjefri E39 medfører. Kva er grunnen til denne inkonsekvente haldninga frå Vestlandets storavis? Og kvifor gøymer avisa ferjealternativet bort i eit hjørne og gjer kyststamvegen til eit spørsmål om val mellom to svært miljøskadelege alternativ?

Det kan også setjast eit stort spørsmålsteikn ved konklusjonen om halvering av reisetida. Den er nemleg komen fram ved å samanlikna reisetida Stord-Bergen i dag, med ferje Sandvikvåg-Halhjem og vidare langs den noverande Osvegen heilt inn til sentrum, med reisetida ved eit framtidig brusamband og den alt vedtekne strekninga Svegatjønn-Rådal. Altså kjem ein stor del av den ”innsparte” reisetida av at endepunktet på vegstrekninga er flytta frå Bergen sentrum til Rådal, og at ein samanliknar den gamle med den nye Osvegen, som alt er vedteken. Vidare, ved utrekninga av samfunnsnytten av ferjefri E39 frå Haugesund til Bergen blir det ikkje skilt tydeleg nok mellom fritidskjøring og nyttekjøring, slik at heile reknestykket, slik det stod å lesa i tidlegare reportasjar, blir feil. Me spør oss også om ikkje Bergens Tidende tar for gitt noko som er usikkert: At høgare fart gjev kortare reisetid. Korleis kan me vita at ikkje verknaden av den auka farten vert utlikna av at me pendlar over større avstandar?   Det ville etter Naturvernforbundet si meining vore mykje betre politikk å bruka dei 20-30 milliardane som den ferjefrie vegen vil kosta, på å rusta opp ferjealternativet og utbetra vestlandsvegane mellom dei bruene som alt fins. - og ikkje minst å korta inn reisetida med jernbane mellom Oslo og Bergen, slik at jernbanen kan bli eit reelt alternativ til fly. Politikarane må få farten opp og bygt Ringeriksbanen som det har vore prata om i 20 år snart. Og både klima og samfunnsøkonomi er best tent med at folk har arbeidet sitt i kort avstand frå der dei bur. Det er som kjent bra med kortreist mat, men endå betre med kortreiste menneske.

Oddvar Skre og Sivert Straume

Naturvernforbundet Hordaland

Nyheter

Relanserer bedrebuss.no

Relanserer bedrebuss.no

29.08.2007:

Det er ikke alle politikerne som vi gi deg et bedre busstilbud. Derfor relanserer Naturvernforbundet Hordaland og Natur og Ungdom nå siden bedrebuss.no. Der kan bussreisende og andre se hva fylkespartiene vil gjøre for bussen. Samtidig kan de fortelle politikerne hva som skal til for å bedre sin busshverdag.

Takk Oddny!

Takk Oddny!

27.08.2007:

SVs Oddny Miljeteig er krystallklar i sitt svar på utfordringen fra Naturvernforbundet: AP har ingenting med å garantere at et rødgrønt byråd ikke vil gå inn for køprising. Dette blir eventuelt en sak for byrådsforhandlingene.

Viste politikerne Bergens sykkel-elendighet

Viste politikerne Bergens sykkel-elendighet

23.08.2007:

Bergenserne sykler i dag langt mindre enn folk i Oslo, Stavanger og Trondheim. Syklistenes landsforening og Naturvernforbundet mener dette er flaut men forståelig, og inviterte derfor Filip Rygg (KrF), Hilde Onarheim (H) og Ruth Grung (AP) med på sykkeltur gjennom byen for å vise hvorfor.

Viktige miljøval for Bergen og Fana

Viktige miljøval for Bergen og Fana

20.08.2007:

Saman med planane om godshamn på Flesland er den planlagde utvidinga av Flesland flyplass det største trugsmålet som lokalmiljøet i Ytrebygda nokon gong har stått ovanfor, skriv styremedlem i NVH, Oddvar Skre.

Viser fra 33 til 36 av totalt 116 artikler