Du er her:

Kronikk:

Ny lov kan true livets opphav

Stortinget skal i løpet av dei neste månadane bestemme om vi skal tillate gruvedrift på havbotnen, utan å vite korleis dette kan påverke det sårbare livet i havet. Naturvernforbundet krev derfor eit moratorium mot gruvedrift på havbotn fram til miljøkonsekvensane er godt nok utgreia.

Av Jorunn Vallestad, fagrådgjevar i Naturvernforbundet, og Silje Lundberg, leiar av Naturvernforbundet

Totalt mørke, eit trykk som om du har ein elefant ståande på stortåa, ein temperatur på mange hundre grader og høge skorsteinar som spyr ut kokande, giftig vatn. Dette høyrast vel neppe ut som ein leveleg plass? Men faktum er at her er liv, eit mylder av liv, i alle tenkelege og utenkelege former! Faktisk er det her mange forskarar trur at vi kan finne sjølve livets opphav. Og det er mellom anna her regjeringa, med sitt nye lovforslag, vil sleppe gruveindustrien laus med tungt maskineri.

Vi befinner oss fleire tusen meter under havoverflata. Langs undersjøiske fjellkjeder finn vi eventyrlege strukturar kjent som svarte skorsteinar, som spyr ut mineral frå jordas indre. Mineral som får dollarteikna til å glitre i auga på menn i mørke dressar. Over heile verden er det gruveselskap som presser på for å få lov til å utvinne minerala her. Også i Norge er fleire selskap interessert, og allereie er fleire kartleggingsprosjekt i gang. Foreløpig er det ingen lovar som regulerer gruvedrift på havbotnen, og derfor har regjeringa no lagt fram eit nytt lovforslag.

Problemet er at dei svarte skorsteinane og minerala dei spyr ut også er grunnlaget for heilt unike økosystem. I mangel av sollys og fotosyntese er det ikkje plantar, men bakteriar, som dannar grunnlaget for livet her.  Dei er mat for muslingar, krabber og gigantiske tubeormar, og for kvar ny lokalitet som blir undersøkt, dukkar det opp artar som er nye for vitskapen, og som ikkje finnes nokon annan plass enn akkurat her.

Derfor er det uansvarleg og kunnskapslaust at regjeringa no foreslår ein lov som har som formål å «legge til rette for undersøkelse og utvinning av mineralforekomster på kontinentalsokkelen», utan at det først har vore diskutert om det i det heile er miljømessig forsvarleg, eller for den saks skuld ressursmessig nødvendig, å opne opp for gruvedrift på havbotnen. Ingen veit kva artar som kan gå tapt, og kva miljøkonsekvensane blir, dersom det blir gitt løyve til gruvedrift i desse områda.

Den forskinga som har blitt gjort konkluderer med stor fare for å øydelegge unike økosystem og utrydde artar før dei ein gong er kjent for vitskapen. Oppgraving av havbotnen, store sedimentskyer, forstyrring av dyreliv og utslepp av giftige stoff er nokre av effektane desse sårbare økosystema kan bli utsette for viss det blir starta gruvedrift. I tillegg kjem forstyrringar i form av lys, lyd og vibrasjonar ved bruk av tungt maskineri på havbotnen.

Vi veit frå landbasert verksemd at naturinngrepa og miljøeffektane ved gruvedrift er store, spesielt ved opne dagbrot som er det som er aktuelt på havbotnen. Det er liten grunn til å tru at miljøeffektane blir mindre av å flytte gruvedrifta fleire tusen meter under havet. Kvifor skal vi då ta risikoen? Med tanke på dei store miljøbelastningane havet allereie er utsett for, er det gode grunnar til å argumentere for at å opne opp for gruvedrift på havbotnen ikkje er forsvarleg.

I lovforslaget er det tre plassar som blir omtala som aktuelle for gruvedrift, og det er nokon av dei mest avsidesliggande og sårbare områda i verda. Bouvetøya i Søratlanteren, med Dronning Maud Land i Antarktis som næraste fastland, er verna som eit naturreservat, for å ta vare på sel, pingvinar og sjøfugl som lever her. Utanfor dette verneområdet forventar regjeringa å finne store mineralressursar.

I motsett ende av Atlanteren har regjeringa peikt på områda utanfor Jan Mayen, ei anna norsk øy som er verna som naturreservat. Men området frå Jan Mayen og nordover mellom Svalbard og Grønland er ikkje berre rikt på mineral. Det er også her vi finn den arktiske front, eit usedvanleg produktivt område der det varme vatnet frå Atlanterhavet møter det kalde og mindre salte vatnet frå Arktis. Dette fører til ein enorm oppblomstring av plankton, som mellom anna er grunnlaget for dei rike fiskeriressursane våre.  

Men ikkje ein gong her stoppar regjeringa. Dei vil endå lenger nord. Nordvest for Svalbard, i polhavet rundt nordpolen, ligg Yermakplatået. Rundt dette undersjøiske platået blir det forventa å finne tjukke manganskorper med store mineralverdiar. Det du også finn i dette området er is – meir eller mindre året rundt, samt isbjørn, kvalross og sel, som slit meir enn nok som det er.

Felles for alle tre områda er at dei har eit usedvanleg rikt naturmangfald og ein stor produktivitet. Dei ligg i sårbare arktiske og antarktiske havområde, og dei er svært viktige oppvekstområde for rike fiskeressursar. Om det er nokon del av havområda våre som er verdt å ta vare på, så er det desse.

Då er det paradoksalt at argumentet som blir brukt for at vi må opne opp havet for gruvedrift er ”Det grøne skiftet”. I vegen bort frå eit oljestyrt samfunn blir det snakka mykje om minerala vi treng til bygging av solceller, el-bilar og smarttelefonar. Det som alt for ofte blir gløymt er behovet for å ta vare på det grøne i det grøne skiftet. For til sjuande og sist er det naturen vi skal leve av, i all framtid. Eit grønt skifte burde derfor innebere ein reduksjon i mineralforbruket, auka gjenbruk og attvinning av eksisterande mineral, samt betre utnytting av ressursane i eksisterande gruvedrift. Dette vil gje verdiskaping og nye arbeidsplassar, behovet for nye mineral vil minke, og livet i djuphavet kan puste litt lettare.  

Eit skifte som trugar med å øydelegge livets vogge kan ikkje kallast grønt, og eit mellombels forbod er essensielt inntil det nødvendige kunnskapsgrunnlaget er på plass. Derfor krev Naturvernforbundet at Stortinget vedtek eit moratorium mot gruvedrift på havbotnen.

Denne kronikken sto på trykk i Klassekampen 19. oktober 2018