Du er her:

På ryddeaksjon. Foto: Martin Skadal.

På ryddeaksjon. Foto: Martin Skadal.

Bli frivillig

Alle som har eit miljøengasjement kan bli frivillige hjå oss. Du treng ingen forkunnskapar. Det er opp til deg kor mykje tid du vil bruka, og kva du vil gjera.

 

Hjå oss finst det mange moglegheiter for å bli med i arbeidet for å ta vare på naturen. Me stiller ikkje krav til kor mykje tid du skal bruka, eller kva slags oppgåver du skal ta på deg. Det er heilt opp til deg.

Du kan til dømes: 

  • Vera med på plastryddeaksjonar, fiksefestar og/eller dugnadar mot framande, skadelege artar som sitkagran og hemlokk. Her kan du melda deg på ei uforpliktande e-postliste og få informasjon om når me arrangerer dugnadar, ryddeaksjonar, fiksefestar og liknande.
  • Vera med å dyrka i parsellhagen vår på Storetveitmarken. Få meir informasjon i denne Facebook-gruppa, eller kontakt prosjektleiar Jeanette Tennebekk på jt@naturvernforbundet.no  
  • Ta bilete, filma, skriva tekstar, laga innhald til sosiale media og liknande.
  •  Vera med i ei av frivillig-gruppene våre.  Me har tre aktive grupper, som du kan lesa meir om her, som jobbar med følgjande tema:
  •  Vera med i eit lokallag: Bur du på Voss, i Kvam, på Askøy, på Stord eller i Nordhordland og vil jobba med lokale saker, kan du engasjera deg i eit lokallag. Her finn du kontaktinformasjon til lokallagsleiarane.
  • Om du er student i Bergen, kan du bli med i Naturvernstudentene i Bergen.

Du kan ta kontakt med oss på hordaland@naturvernforbundet.no eller ringa 553 00 660 (mellom kl. 10-15 på kvardagar) om du vil ta ein uforpliktande prat med oss om kva du kan gjera som frivillig i Naturvernforbundet. 

Bli aktivitetsleiar 

Om du har tid og lyst til å legga ned ein ekstra innsats for naturen, kan du bli aktivitetsleiar. Då vil du få opplæring i å leia og gjennomføra aktivitetar innan praktisk naturvern, til dømes strandryddeaksjonar og dugnadar mot framande artar. Du vil få større ansvar og verdifull erfaring. Om du er nysgjerring og vil høyra meir om dette, ta kontakt med oss på hordaland@naturvernforbundet.no, så tek me ein samtale om kva det går ut på. 

Meir om frivilliggruppene

Naturmangfaldsgruppa

Image

Dette er ei lita gruppe som møtest om lag ein gong i månaden, som regel i Bergen og Hordaland Turlag sine lokale i Tverrgaten 4-6, på ettermiddagstid. Gruppa har i fleire år jobba med utbyggingssaker som kan få negative konsekvensar for natur og biologisk mangfald, til dømes vasskraftsaker. Gruppa bidrog til at me vann kampane for å verna ØystesevassdragetOpo i OddaKvanndalselva og Raundalselva mot kraftutbygging. No for tida jobbar gruppa mest med å få naturmangfald på dagsorden i Bergen kommune, støtta opp om lokale naturvernsaker og for å følga opp tiltaka me har føreslått i framtidsvisjonen me lanserte i 2019: “Gode, grønne Bergen – en by for bier og bergensere”

Ta kontakt med gruppeleiar Harald Simonsen om du kan tenka deg å engasjera deg i Naturmangfaldsgruppa: harald.simonsen2@gmail.com / 995 30 727

Klima og transportgruppa

Image

Denne gjengen jobbar mest med samferdselssaker som motorvegprosjekt og bybanen, cruiseskip-problematikk og klimaspørsmål. Dei møtest regelmessig og skriv mellom anna høyringsuttalar, lesarbrev, planlegg og gjennomfører møter og markeringar. Mellom anna har dei bidrege til å få merksemd rundt dei negative konsekvensane av ny firefelts motorveg mellom Stord og Os med bru over Bjørnafjorden (Hordfast), fått gjennomslag for krav om utsleppsfrie cruiseskip i Bergen frå 2026, og problematisert elektrifisering av sokkelen med kraft frå land. I 2015 skreiv dei den første framtidsvisjonen vår, “Gode, grønne Bergen”, med fokus på korleis Bergen kan bli ein gå- og sykkelby innan 2030. 

Ta kontakt med gruppeleiar William Helland-Hansen om du kan tenka deg å engasjera deg i Klima og transportgruppa: william.helland-hansen@uib.no / 926 63 806

Vindkraft og energigruppa

Image

Dette er ei ganske ny gruppe som framleis er litt i startgropa. Dei har møter innimellom der dei diskuterer kva saker gruppa skal prioritera, og vil etterkvart byrja å arrangera temamøter. 

Ta kontakt med gruppeleiar Bård Larsen om du kan tenka deg å engasjera deg i Vindkraft og energigruppa: bslarsen@gmail.com / 986 33 018

Alle skal trivast i Naturvernforbundet!  

Organisasjonen vår skal vera ein trygg arena for alle, og me jobbar for god representasjon i kjønn, alder og bakgrunn. Dei etiske retningslinjene våre gjeld for frivillige, tilsette og tillitsvalte i Naturverforbundet. 

Artikkelen ble sist oppdatert: 18.11.2021

Nyheter

IMG_7200
Nasjonal dugnad

Den store granryddedagen 2022

19.08.2022 | Sist oppdatert: 17.08.2022

Skadelige treslag sprer seg og fortrenger andre arter. Heldigvis er det noe vi kan gjøre: røske de opp med roten eller kappe de ned! 23.-24. september går vi ut og redder truet natur med sag!

Medlemsmagasinet NaturVest

Les NaturVest #1 2022 på nett

18.08.2022 | Sist oppdatert: 18.08.2022

Les om kulturmarksbønder, Hordfast og hvordan du kan komme deg til resten av Europa med tog.

Hordfast illustrasjon
Felles opprop mellom naturvernere og yrkessjåfører i vest:

Prioriter trygge og gode veier!

01.06.2022 | Sist oppdatert: 01.06.2022

Vi vestlendinger opplever stadig veier i svært dårlig stand. Vi vil ha sikre tofelts-veier, veiskuldre som ikke gir etter, lyse tunneler og trygghet mot ras.

Viser fra 1 til 4 av totalt 500 artikler