Du er her:

Deponering av botnaske på Rausand - Naturvernforbundet har kritiske spørsmål

Bergmesteren Raudsand AS søker om å behandle og deponere bunnaske på Raudsand. Naturvernforbundet stiller i si fråsegn til Miljødirektoratet kritiske spørsmål til søknaden.

Det er søkt om plassering av inntil 30 000 tonn med stein. Lagringsflata er oppgitt å vere ca. 3
dekar. Ved sjekk av flybilete frå 29. juni 2017 på den nemnte eigedomen, finn vi ei asfaltert flate som i
søknaden, på ca. 2350 m2, som er ein del mindre enn ca. 3 dekar, nemnt i søknaden.

Eigenvekt på fast stein er til vanleg kring 2,5 kg/dm3. Sprengt steinmasse har ei eigenvekt på 1,5
kg/dm3 eller noko over. Viss det skal vere ei lita stripe med asfalt igjen utanfor deponiområdet, og
kantane på deponiet ikkje er loddrette, så er det ikkje plass til særleg meir enn 15 000-20 000 tonn
med stein på dette arealet.

Det går rett og slett ikkje i hop å lagre så mykje masse på asfaltert flate som føresett. Viss det då blir
mottak av nemnte volum, vil dette ikkje bli tatt hand om som føresett.

Utildekka masse i form av stein utan særleg finstoff held ikkje særleg mykje på vatnet når det
regner. Viss det i løpet av eit døgn kjem 50 mm nedbør, kjem det over 100 m3 med vatn ut av
steinhaugen. Dette skal då gjennom tre sandfang og til slutt kolfilter. Det krev litt kapasitet, og det
er dessutan fullt mogleg at det ikkje stoppar med 50 mm med nedbør før alt vatnet har kome seg
gjennom anlegget. I løpet av eit år er det tale om kring 3000 m3 som skal gjennom steinhaugen,
sandfanga og kolfilteret. Renn det over i denne delen av prosessen, ser vi for oss at vatnet hamnar
ureinsa i fjorden.

Når det gjeld sjølve massen undrar vi oss over verdiar høgare enn normalen av krom og bly. Desse
metalla må kome frå nokon stad. Det er mogleg at krom kan setjast i samanheng med slitasje på stål
i tunneldrivingsprosessen, men forbruk av bly som blir igjen i slike massar, det burde få merksemd.
Det er ikkje fare for utlekking og det er lite finstoff i massen, blir det sagt. Viss desse verdiane av
krom og bly ikkje er knytt til finmasse og det ikkje er fare for utlekking, må det tyde at krom og bly
sit bom fast i steinen. Her er det noko som ikkje er råd å forstå med vanleg bondevett. Det vanlege
som skjer når ein legg ein haug med stein ope for ver og vind eit år på Nordmøre er at steinane blir
vaska og reine, og det som var med av skit og lort ligg igjen i botn av haugen, eller har rent vidare
til det lågaste punktet, havet.

Det permanente lageret for desse massane er elles basert på at ureina masse skal fortast mogleg
transporterast frå båt til deponi, og der skal det dekkast til slik at det i minst mogleg grad blir utsett
for nedbør og grunnvatn. Mellombels løysing over eit år, utan krav til tildekking, må difor reknast å
vere ei dårlegare løysing, som er eigna til at ein får auka utlekking.

Det er sett krav til rekneskap for stein inn og ut av mellomlageret. Vi ser ikkje noko om sandfanget
og kolfilteret. Viss det ikkje finst eige regelverk som det burde ha vore vist til om handsaming av
dette undervegs og etter bruk, så er det nødvendig at det blir fastsett rammer for dette. Det vil ikkje
vere tilfredsstillande viss sandfanget blir skyssa på fjorden før jul 2019.

Det er sett krav til prøvetaking av utsleppsvatnet, med vilkår av at utslepp som kan «medføre ein
miljøeffekt» skal hindrast. Vi vil minne om at det er målt for høge verdiar av bly i fjorden frå før1.
Vi har alt ein miljøeffekt av bly. Kravet er difor at utslepp av bly ikkje skal førekome.

Så langt vi kan sjå er det Bergmesteren AS som har løyve til mellomlagring av masse. I denne nye
saka ser det ut som løyvet blir gitt til Veidekke Entreprenør AS. Då er det ei verksemd som er ansvarleg for å halde vilkåra knytt til det mellombelse lageret, og ei anna verksemd som har med
dei fysiske massane å gjere. Det ser ikkje rett ut at det skal vere slik.

Sjølv om det kan vere eit poeng at denne typen masse er vanskeleg å få hand om på det tidspunktet
som høver godt for andre oppgåver i området, bør ein vere varsam med mellombelse ordningar. Det
er no ein reguleringsplan med konsekvensutgreiing til handsaming. Nokre av elementa i denne er eit
meir enn komplisert kaianlegg, og føresetnader for gjenfylling av eksisterande gruver som har store
utfordringar. Ein del av føresetnadene er vidare knytt til fjellhallar og anlegg for handsaming av
farleg avfall. I tillegg er det ein søknad om mellombels anlegg for handsaming av botnoske, og
lagring i samband med dette. Dette gir eit delvis komplisert opplegg både i tid og rom. Slikt gir lett
tvangsløysingar og dårleg resultat viss ein prøver å gripe inn i dette undervegs i prosessane. Når
dette handlar om massar og avfall som krev spesiell handsaming, blir dette ugreitt. Verksemd på
Raudsand har alt ureina Tingvollfjorden alt for mykje, og det tolast ikkje meir av dette. Det er tvert
om nødvendig å finne gode løysingar for opprydding utan ny risiko. Det er nødvendig å gjere ting i
rett rekkefølgje og ta seg den tida det treng.

Artikkelen ble sist oppdatert: 16.02.2019