Du er her:

Dumping av overskotsmasse frå Idrettshalltomta i Ørskog


Foto: Odd Steinar Åfar Viseth
Naturvernforbundet har fått eit tips om dumping av overskotsmasser frå bygginga av ny idrettshall på Sjøholt. Her er kopi av epostkorrespondanse.
Fra: Ørskog kommune [postmottak(a)orskog.kommune.no] Sendt: 29. januar 2007 08:45 Til: moreromsdal(a)naturvern.no Emne: VS: Dumping av overskotsmasse frå Idresshall tomta i Ørskog

Fra: Børre Tennfjord
Sendt: 29. januar 2007 08:35 Til: Ørskog kommune Emne: SV: Dumping av overskotsmasse frå Idresshall tomta i Ørskog

Hei!
Ørskog kommune har i samband med etablering av idrettshall i kommunen behov for å skifte ut gravemasser og plassere desse utgravingsmassene på alternative lager / deponi. I den samanheng har kommunen fleire alternative løysingar og har difor sendt på høyring desse forslaga. Vi har sendt på høyring tre alternative stader for oppfylling av eksisterande terreng. Desse stadane er alle på Ørskog Prestegard. Område A er mellom Ørskogelva og Prestegardsvegen (omlag 8000 m3), på dyrkamarka ti, prestegarden (omlag 1000m3) og ved vegen til Hestvika (omlag 7000m3). Felles for omplasseringa av desse gravemassene er at vi har planar om å etablere på nytt den driftsforma som alltid har vore. "Dumping" av masse er ikkje ein definisjon som kommunen har nytta og vi har eller aldri planlagd noko anna enn eit organisert tiltak med tilstelling og tilsåing.
Ørskog kommune vil etter at høyringsrunden er over legg saka fram for Tenesteutvalet for vidareføring av dei aktuelle område. Dernest vil underteikna sjå til at tiltaket vert byggemeldt etter §93, jfr. PBL. Handsaming i tråd med lovverket vil då verte gjennomført. Tenesteutvalet skal ha denne sak opp på sitt møte den 5/2-2007.
Børre Tennfjord
Teknisk sjef

Fra: Ørskog kommune
Sendt: 22. januar 2007 09:40 Til: Børre Tennfjord Emne: VS: Dumping av overskotsmasse frå Idresshall tomta i Ørskog

Fra: Naturvernforbundet i Møre og Romsdal [mailto:moreromsdal(a)naturvern.no]
Sendt: 22. januar 2007 09:42 Til: Ørskog kommune Emne: SV: Dumping av overskotsmasse frå Idresshall tomta i Ørskog

Hei, Naturvernforbundet har fått eit spørsmål om dumping av overskotsmasse i Ørskog. Kan vi få litt meir informasjon om denne saka?


Øystein Solevåg Naturvernforbundet i Møre og Romsdal mobil 40 23 47 05
epost moreromsdal@naturvern.no
www.naturvern.no/moreromsdal

-----Opprinnelig melding-----
Emne: Dumping av overskotsmasse frå Idresshall tomta i Ørskog
Viktighet: Høy

Heisann!
Har sendt følgande til fylket og Ørskog kommune, friluftsrådet osv. Vonar de forstår og kanskje vil hjelpe oss i kampen mot denne unødvendige øydelegginga?
På førehand takk.
_______
Eg skriv til dykk vedrørande bygging av idrettshall i Ørskog, ein god ting for kommunen, men ikkje utan alvorlege konsekvensar for eit anna kulturområde i bygda, dersom dumping av overskotsmasse vert tillete på "Øyna", mellom Prestegardsvegen og Ørskogelva.
Dette området er gamalt kulturlandskap, nærliggande beitemark under Prestegarden.
I følge Møre og Romsdal sitt regionale miljøprogram, har kulturlandskapet som vi opplever det idag mange funksjonar og verdiar, og der er følgande årsaker til å ta vare på og skjøtte kulturlandskapsverdiane:
* Produksjonsgrunnlaget for jord- og skogbruk. Kan og utnyttast i næringssamanheng når det gjeld utvikling, produksjon og sal av varer og tenester i tilknytning til landbruket.
* Oppleving - kjelde til rekrasjon, del av identitet.
* Biologisk mangfald - ta vare på både mangfaldet av naturtypar og mangfaldet av artar.
* Kulturminne - fortel om bruken av landskapet og dei som har budd der. Dette gir forankring i historia.
* Kunnskap - tradisjonsbåren kunnskap om driftsformer knytt til landskapet.
Med dette i tankane, har eg vanskeleg for å sjå korleis Naturvernavdelinga i Fylket, og Friluftsrådet kan stille seg positiv til dumping av masse ved Prestegardsvegen - ein del av eit område som rummer Ørskog Kyrkje, Osberget med Prestevøren, Øyna, Prestegardsvegen med Alléen, Prestegarden og Lunden (Tusenårsstaden i Ørskog) Dette er eit miljø som nettopp gir identitet, historie-forankring og rekreasjonsmuligheter. Blar ein i Ørskog-kalendaren kvart år, er der bileter frå farne tider, vakre miljø som i dag er øydelagde. Men dette området ved kyrkja eksisterar den dag idag - la ikkje også dette identitetsgrunnlaget verte historie.

Midt i dette området ligg Lerkelunden, som Ørskog med rette valgte som sin tusenårsstad. Kulturdepartementet la vekt på at følgjande kriteriar: “Tusenårsstadene skal ha nasjonal kulturell og miljømessig verdi som peikar utover det enkelte fylke. Dei skal vere møteplassar for samhandling, kulturopplevingar og utfalding. Dei skal byggje vidare på våre eigne historiske verdiar og kulturelle verdiar, hente inspirasjon frå andre kulturar og representere verdiar for framtida”.

Området syd for Ørskogelva har nettopp desse verdiane. Kyrkja, bjørkealléen, beitande hestar i velhalde kulturlandskap på Øyna og Prestegarden; dette området er sanneleg det finaste Ørskog har å vise fram.

Då er det med stor undring og forskrekkelse eg les at respresentantar frå flyket og friluftsråd skal vere positive til å dumpe masse fra idrettshall-tomta ved elva, langs med alléen, midt i området som rummar Ørskog sin tusenårsstad. Kva slags framtidige verdiar representerer det?.

Eg vonar at den tilsynelatande positive haldninga frå Naturvernavdelinga i Fylket og Friluftsrådet (i følge Bygdebladet 17.01.07) er grunna manglande eller einsidig informasjon.

Friluftsrådet var representert ved Geir Haugli. Det er naudsynt å fortelje at leiar i byggenemda for idrettshallen i Ørskog og tilstades ved synfaringa, Knut Sørdal, er Ørskog sin representant i Ålesund og Omegn Friluftsråd, som altså Geir Haugli leiar. Spørsmålet er då, vart det opplyst om mindre øydeleggande dumpingalternativ? Kven representerte kulturlandskapet og tusenårsstaden?
Fylket var representert ved Ivar Ole Mittet frå miljøvernavdelinga, medan kulturlandskap, som høyrer under landbruksavdelinga ikkje var tilstades.
Ørskog har fleire alternative plassar egna til dumping av overskotsmasse frå idrettshall tomta.
Kommunen sitt industrifelt på Haukåsen kan ta imot og bruke massa til utviding av området. Dette har kommunen sjølv foreslått, og det er eit alternativ som ikkje vil medføre estetiske eller kulturelle øydeleggingar.
Vegen over Brauta kan med fordel jamnast og utvidast, kanskje kunne massa brukast her?
Vegen vidare gjennom Solnørdalen mot Skodje er også smal, førebuing av utviding her er også eit alternativ.
16. juni 2004 kom Fylkestinget med denne fråsegna:
Kulturlandskapet i Møre og Romsdal er i rask endring. Trugsmålet for kulturlandskapet gjeld i første rekke for det marginale jordbruksarealet vårt. Dette er ofte brattlendt, tungdreven jord, beitemark nær gardane og i utmarka, småbruk, setervollar og fjellgardar. Dette er område med store kulturlandskapsverdiar.
Ein av hovedutfordringane er knytt til attgroing av kulturlandskap (eg brukar dette då eg ikkje kan finne noko om dumping av masse eller skjending av kulturlandskap) noko som medfører at bygdene endrar ansikt. Møre og Romsdal er eit viktig reiselivsfylke. Skjøtsel og og vedlikehald av vårt verdfulle kulturlandskap er avgjerande for at fylket skal vere eit attraktivt reisemål i framtida.
På Øyna har vi eit kulturlandskap som ikkje gror att, det vert halde vedlike, fordi det beiter hestar der - akkurat denne delen av bygda endrar ikkje ansikt, fordi det eldgamle kulturlandskapet er i bruk! Eg kan ikkje tru at Naturvernavdelinga frå Fylket synes det er ein god ide og øydelegge dette, det harmonerar ikkje med miljøprogrammet deira.
For som det står i programmet, er ei av hovudutfordringar knytt til jordvern i Møre og Romsdal det å avgrense nedbygging av verdifull dyrka mark, dyrkbare jordressursar og verdifulle kulturlandskap til eit minimum.
Eg er glad Ørskog får ein idrettshall, og vonar denne blir eit framtidig samlingspunkt, utan å gå ut over historiske og kulturelle verdiar i kommunen.