Du er her:

Fylling med stein på Rausand - kritiske spørsmål frå Naturvernforbundet

Naturvernforbundet har sendt ei liste med spørsmål til Fylkesmannen i Møre og Romsdal i samband med at Veidekke Entreprenør har søkt om løyve til å etablere steinfylling ved Rausand.

Naturvernforbundet etterspør ei grundigare vurdering av planane om å etablere ei 170 - 180 m djup fylling i forureina sediment.