Du er her:

Massedeponi på Rausand - spørsmål til Klima- og forurensningsdirektoratet

For eit tid tilbake var Naturvernforbundet sin leiar ein tur i området nemnt som Bergmesteren ved tidlegare Rausand gruver for å gjere oss litt kjent med området. Lengst inn i området kom vi over noko som vi ikkje riktig visste kva vi skulle tru om. Vi trudde i grunnen at det vi såg ikkje skulle vere der, og måtte sjå etter fleire gonger for å vere sikker.

Innhaldet i storsekkane har vi ei kjensle av at ingen veit heilt sikkert kva er. Sekkane har stort sett rivna, slik at innhaldet spreier seg. Det var spor etter hjortedyr som truleg et av dette. Kva er det som er deponert i dette området? Har ein kontroll med om stoffet spreiar seg til vatn og luft i området? Er stoffet farleg? Er det tilrådeleg å ete kjøt av dyr og fugl som ferdast i dette området?

Det er vel gjerne kring 10 år sidan desse sekkane sist var eit tema, så vi trudde eigentleg at dette var rydda for lenge sidan. Naturvernforbundet kan ikkje forstå anna enn at ein eller annan er ansvarleg og at det skal gjerast noko med dette, for slik som det er kan det ikkje halde fram med å vere. Til vi veit noko anna, held vi Klif ansvarleg for at dette blir rydda opp i.

Artikkelen ble sist oppdatert: 05.05.2013