Du er her:


Foto: Naturvernforbundet

Miljøinformasjonsloven: Naturvernforbundet ber om fleire svar om Husøya i Kristiansund

I eit brev til Veidekke Industri AS ber Naturvernforbundet i Kristiansund og Averøy om miljøinformasjon for anlegget på Husøya i Kristiansund.

Naturvernforbundet ber om to typer dokumentasjon:

1) Måleresultat frå forureiningsmålingar gjort på anlegget dei siste fem åra.

2) Dokumentasjon på vurderinga av tilhøvet til naturreservatet på Fugløya.

 

Naturvernforbundet viser til miljøinformasjonsloven og ber Veidekke Industri AS levere ut all relevant informasjon snøggast råd.

Artikkelen ble sist oppdatert: 04.05.2013