Du er her:

Rausand: Fråsegn til ekspertutvalet for farleg avfall frå Naturvernforbundet

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har gitt fråsegn til ekspertutvalet for farleg avfall.

Regjeringa har hatt eit eige ekspertutval for farleg avfall i arbeid hausten 2019. Rapporten til ekspertutvalet har vore på høyring vinteren 2020.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal kommenterer først og fremst planane om etablering av deponi på Rausand. Her peiker Naturvernforbundet på følgjande utfordringar:

1) Det er mangelfulle undersøkingar av fjellkvalitet på Rausand.

2) Etableringa av sjøfylling må greiast betre ut.

3) Transportavstanden vil medføre auka kostnader for farleg avfall, samstundes som forventa inntekter frå sal av masser kan bli lågare. Konsekvensane av ein eventuell konkurs må greiast ut.

 

Artikkelen ble sist oppdatert: 07.03.2020