Foto: Naturvernforbundet

Hekkebrett for måke - bygd av rekved.

Strandrydding

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Den store strandryddedagen er her snart. Merksemda på mikroplast og alt som driv i land har auka, og ryddesjauen bør i år setje nye rekordar. Det er berre å melde seg til teneste, moglegheita finst omtala på ein nettstad nær deg.

Hovudproblemet er vel eigentleg ikkje å rydde opp, men å la vere å sende alt rotet på sjøen. Vi har ikkje møtt ein einaste som seier at vi bør halde fram med å hive rotet på sjøen, men likevel driv det i land artiklar som ikkje har vore på marknaden særleg lenge. Altså kastar vi ting på sjøen, sjølv om ingen vil det. Det er rart.

Når ein så skal rydde, så er det best å rydde vekk det som bør ryddast vekk. Det er ikkje alt som ligg i flomålet som skal vekk. Tangvollen som ligg langt oppe på land er ein del av naturen sin gang. Næringsstoff som har rent på havet fordi heile jorda i sin natur vil slitast bort og renne i havet, det kjem på land igjen og inn i næringskjeda. I tangvollen er det eit yrande liv av småkryp som er føde for fugl som igjen er føde for større skapningar. Mineralar og saltar kryp på land igjen på denne måten, og det må vi ikkje øydelegge.

Når stranda blir rydda er det difor viktig at tang og tare blir igjen. Stokkar og greinar bør også bli liggande. Plankar, ikkje minst slike som er impregnerte og slike med maling skal fjernast, men ikkje trea som ein gong sto på elvekanten og har blitt ført med elva ut i sjøen. Fjøler av reint trevirke kan elles brukast til å lage hekkebrett for måker. Eit firkanta brett på 30 x 30 cm sett på ein staur så det kjem halvannan meter over bakken, det gjer tilveret enklare for fiskemåker i kamp mot katten og minken. Slike brett kan ein setje opp rett over flomålet i område der ingen blir ramma av måkeskrik seinare. Legg gjerne oppi nokre småstein og litt tang på brettet også.

Elles er det bra om ein ryddar elles i året også, ikkje berre på strandryddedagen. Viss det er fuglar som hekkar i området, bør vi ikkje rydde i hekketida.

 

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal