Du er her:


Foto: Dag Arne Høystad

Energieffektivisering

Det finst ikkje ei enkelt løysing, verken på dei globale klimautfordringane eller på dei regionale kraftforsyningsutfordringane i Midt-Noreg. Det som liknar mest på ei løysing er likevel energieffektivisering.

Det å nytte energi meir effektivt, og dermed spare energi, er det viktigaste grepet verda kan ta for å løyse klimautfordringane. Ein negawatt, altså den watten som blir spart, er den mest miljøvennlege energien. Det blir mindre viktig å byggje ut ny energiproduksjon, og det blir ikkje nødvendig å byggje overføringslinjer. Det einaste problemet ser ut til å vere at energieffektivisering er usynleg, for det er vel difor staten gir mykje høgare støtte til å byggje ut ny kraft enn til å spare den same kraftmengda?

Artikkelen ble sist oppdatert: 04.11.2010

Nyheter

Lundeelva mot kjosnesfjorden jolster

Kvite sertifikat er viktigare enn grøne

05.02.2011 | Sist oppdatert: 13.09.2015

Naturvernforbundet har gitt fråsegn til lovforslaget om ei norsk-svensk elsertifikatordning, "grøne sertifikat". Naturvernforbundet sine to hovudkrav er at vasskraft som hovudregel ikkje bør få grøne sertifikat, og at det må innførast elsertifikat for energieffektivisering og energisparing, "kvite sertifikat".

Viser fra 25 til 28 av totalt 30 artikler