Du er her:

Utnytting av kjølevatn i Nyhamna

Naturvernforbundet har fått spørsmål om å kome med innspel til eit prosjekt om utnytting av kjølevatn frå Nyhavna.

Naturvernforbundet nemner nokre konkrete føremål det kan vere akutelt å nytte kjølevatn til:

- Industriell tørking

- Oppvarming (med varmepumpe) for bygg og drivhus

- Direkte oppvarming av drivhus (dersom ein temperatur på t.d. 10 grader er tilstrekkeleg om vinteren)

- Undervarme i jordbruksland. Nedgravne røyr, og så bruker ein gjerne bøylar med plastfolie over planteradene. Ein kan då forlenge vekstsesongen vesentleg vår og haust. Dette har vore forsøkt ein del med spillvarme frå smelteverk.

- Idrettsanlegg som ein vil halda isfri om vinteren

- Isfri fortau etc

- Hummeroppdrett

Oppvarming av drivhus er mest interessant dersom ein samtidig går over til LED-lys i drivhuset, for elles er varmen frå lyskjeldene så stor at det er sterkt redusert behov for ekstra oppvarming.

Artikkelen ble sist oppdatert: 20.05.2012