Du er her:


Foto: Kåre Olerud

Fiskeoppdrett

Årsmøtet til Naturvernforbundet i Møre og Romsdal vedtok ei skjerping av arbeidet med fiskeoppdrett i arbeidsprogrammet for 2010.

Oppdrett har miljøutfordringar i alle retningar: Omsynet til villaksen, fangst til fôr og anna, strandsoneinngrep, forureining og sjukdomssmitte. Naturvernforbundet ønskjer å vere saklege og kritiske i høve oppdrettsnæringa, men slik miljøutfordringane no tårnar seg opp, er ho ikkje ei næring som kan halde fram å auke oppdrettsvoluma så raskt som ho har gjort til no.

Nyheter

Gjemnes: Naturvernforbundet vil ikkje ha oppdrett på Jåholmen

Gjemnes: Naturvernforbundet vil ikkje ha oppdrett på Jåholmen

30.05.2008:

Lerøy Hydrotech AS har søkt Fiskeridirektoratet om å få etablere fiskeoppdrett ved Jåholmen på nordsida av Bergsøya. Naturvernforbundet meiner både friluftsinteresser og viltinteresser tilseier at Jåholmen bør halde fram å vere LNF-område. Naturvernforbundet går mot å gi dispensasjon frå kommuneplanen til føremålet.

Viser fra 37 til 40 av totalt 40 artikler