Du er her:

Landbasert fiskeoppdrett på Averøya brukar mykje energi

Brev frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Kommunal- og regionaldepartementet 4. juli 2019.

I samband med ei oppdrettssak på Tjeldbergodden har vi nyleg blitt merksame på at landbasert fiskeoppdrettsverksemd kan ha eit svært høgt energiforbruk. Difor har vi sett på oppdrettsaka på Tøfta i Averøy på nytt for å finne ut kva energiforbruk det kan vere tale om der.

Det vi finn ut er at søknaden seier svært lite om energibruken. I søknaden står dette:

Nordmøre Energiverk AS står for energiforsyning i området. De har sett på ulike løsninger basert på behov. Anlegget må også ha nødstrømsaggregat for å kunne sikre drift ved lengre svikt i kraftforsyningen.

NEAS har så langt vi kjenner til ikkje fått særleg mykje opplysningar om behovet, og har heller ikkje sagt noko om det finst løysingar på dette.

Sidan NEAS ikkje vil seie noko klårt om slike spørsmål før dei har ein konkret søknad, har Naturvernforbundet difor gjort nokre undersøkingar både om energibruken og linenettet.

Når det gjeld linenettet i denne delen av Averøy er forsyninga basert på knutepunkt Bruvoll ved Bruhagen. Hit kjem det ei (Berre einsidig forsyning) kraftline 66 kV som vil bli bytta ut med tosidig forsyning 66 kV som kan oppgraderast til 132 kV seinare. Frå Bruhagen er det tosidig 22 kV omtrent til Smevågen. Vidare mot Øksenvågen er det i praksis einsidig 22 kV, då ein kabel mellom Sveggen og Ekkilsøya har låg kapasitet. Frå Rishaugen til Tøfta går det under ingen omstende meir enn ei line.

Averøy kommune har eit effektuttak på 24 MW, av dette 18 MW frå Bruvoll, i følgje konsesjonssøknad for 132 kV-lina.

I ei 22 kV-line vil ein nå effektgrensa ein stad mellom 25 og 30 MW, men det er mykje av dette linenettet som ikkje har fullt så stor kapasitet. Dessutan er ein avhengig av å ha ein ring eller to parallelle liner for å sikre seg ved feil eller vedlikehald.

Det vil seie at det i dag ikkje er reserveforsyning i noko fall til Tøfta. Vidare at det ved feil på linenettet mellom Smevågen og Rishaugen også vil bli utfall. Mellom Bruvoll og Smevågen er ein truleg nær ei grense for at ein kan forsyne området med hjelp av berre den eine lina ved utfall på den andre. Dette gjeld ved effektuttak på 5 MW. Større effektuttak vil nok vere problematisk i alle fall, og truleg krevje bygging av ny kraftline eller sjøkabel.

Søkjar seier noko om reserveløysing med aggregat. Vi veit ikkje så mykje om slike aggregat, utover at eit aggregat på 5 MW veg 67 tonn https://www.frydenbo-industri.no/produkter/aggregat/8dl36 og kostar sikkert såpass at det bør vere med i reknestykka.

Når det gjeld energibehovet har vi funne dette:

Det er tale om litt ulike former for lukka oppdrett, der alle har felles trekk at det er ein vegg kor vatn skal pumpast frå utsida til innsida og ut igjen, med reinseprosessar. Pumping krev energi, der vassvolum, pumpehøgde og tap i røyrsystem til saman avgjer energibruken.

Tette anlegg som ligg i sjøen vil ha lågare energibehov enn anlegg som ligg oppe på land, som følgje av pumpehøgda. Det er mogleg at anlegget på Tøfta er planlagd som ein hybridversjon.

Vi finn i søknaden at produksjonen er rekna til 29 000 tonn årleg.

Sintef har rekna ut energiforbruk med ulike føresetnader. http://fisk.no/attachments/article/6572/landbasert-lakseoppdrett-analyse.pdf  I tillegg finst det altså tal for anlegget på Tjeldbergodden.

1. Sintef, middelverdi, anlegg i sjøen

Middelverdi 1,43 kWh pr. produsert kg tilvekst gir eit forbruk på 41 470 000 kWh (41GWh) som gir effektuttak på snitt 5 MW. (Middel av 0,75-2,11).

2. Sintef, minimumsverdi, anlegg på land

Det blir rekna 6 kWh pr. kg tilvekst, krev effektuttak på 20 MW

3. Sintef, maksimumsverdi, anlegg på land

Det blir rekna 9 kWh pr. kg tilvekst, krev effektuttak på 30 MW

4. Tjeldbergodden

40 000 tonn produksjon krev 70 MW på Tjeldbergodden, tilsvarar 50 MW i Øksenvågen.

Konklusjon

Søknaden er svært lite konkret når det gjeld energibehov og straumforsyning. Straumnettet har ikkje reserveløysing ved utfall og er mest sannsynleg ikkje dimensjonert til aktuelt uttak. Det er mykje truleg at det må byggast nye liner, som i så fall fører til inngrep som også må utgreiast verknaden av. Dette er så vesentlege manglar at ein ikkje kan omregulere det aktuelle området til noko som mykje mogleg ikkje har føresetnader til å bli noko av i alle fall.