Du er her:

Foto: Naturvernforbundet

Skulptur av plastavfall - laga til Naturvernforbundet i Møre og Romsdal sitt 50 årsjubileum. Foto: Naturvernforbundet

Kva slags organisasjon er eigentleg Naturvernforbundet?

Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal har i sitt møte i februar 2019 avslått søknad om støtte til Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Bakgrunnen for avslaget er at Naturvernforbundet er ein politisk interesseorganisasjon. Naturvernforbundet ber om ytterlegare grunngjeving.

Dette er ei endring i høve tidlegare praksis i fylkeskommunen. Naturvernforbundet ber difor om å få klarlagd dei kriteria som er lagt til grunn for endra praksis.

Naturvernforbundet ber også om å få ytterlegare informasjon om saksbehandlinga som har vore i fylkeskommunen i forkant av vedtaket.

Møre og Romsdal Natur og Ungdom har for øvrig fått avslag på sin søknad, med same (manglande) grunngjeving.

Artikkelen ble sist oppdatert: 08.03.2020