Du er her:

Foto: Naturvernforbundet

Husnebba.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal feirer 80 år!

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal blei stifta 13.6.1969 og Naturvernforbundet i Rauma blei stifta 1.1.1989. Helga 31. august og 1. september ser vi oss eit lite augeblikk tilbake, feirar saman i Rauma, og dundrer på vidare med nye naturvernprosjekt.

Program for helga:

Laurdag:
Avfall til kunst og besvær
Framandart-tur
Idémyldring - gode naturopplevingar

18:00: Festsamvere på Wolstad gard (påmelding)

Søndag: 
11:00 Tur til Husnebba - 
Turleiarar er Svein Gunnar Rydgjord og Solveig Indrebø

11:00-14:00: Kom deg ut-dagen, familietur til Skorgedalen (DNT Romsdal)

Litt meir om dei ulike arrangementa:

Avfall til kunst og besvær:

Naturvernforbundet, Miljøagentane og Barnas Turlag har rydda i stranda. Noko av avfallet har Kulturskolen gitt eit nytt liv, i form av kunst. 

Framandart-tur:

Vi går ein tur langs fortaua i sentrum av Åndalsnes, der vi ser på og høyrer om framande artar innanfor og utanfor hagegjerdene. Høver for store og små, lettbeinte og dei som ruller med noko. Turleiar er Øystein Folden.

Idemyldring - gode naturopplevinga

Har du tankar om kva vi kan gjere i og for naturen, fortel det til oss. Vi tar i mot enkle, kreative og umoglege forslag til litt av kvart, så skal vi sortere etterpå kva vi kan bruke.

Festsamveret:

Festsamveret startar kl. 18.00 på Woldstad gard i Isfjorden.

Kl. 18.20 blir det servert buffet med ein del vegetarmat. 

(Vil nokon ha vegan i staden for vegetar, må vi få beskjed, likeins andre allergenar mm.)

Det blir musikalske innslag. Utover kvelden reknar vi med at deltakarane kan dele ein del av si historie med Naturvernforbundet.

Påmelding og eventuelle behov til: moreogromsdal@naturvernforbundet.no innan 20.8.19

(Blir vi fleire enn 20, er det fint om i alle fall nokon set pris på tiltaket med ein liten donasjon til Naturvernforbundet).

Overnatting: 

Dei som treng overnatting må ordne det sjølv, men vi har nokre ordningar vi kan fortelje om:

Hytter: Romsdalseggen Camping (Tidligere Isfjorden feriesenter). Vil du ha rom/hytte for deg sjølv, tar du kontakt med overnattingsstaden. Viss det er greitt med deling av hytte, ta kontakt med Øystein Folden.

AirBnb:  Johnny Hansen

Deltakarane betalar overnatting sjølv. 

Tur til Husnebba: 

Turen til Husnebba går i vakkert lettgått terreng i seterlandskapet på Kavliheia. Turen er ca 8 km tur-retur og har en høydeforskjell på 300m.

Når man kommer opp på eggen på Husnebba får man en fantastisk utsikt mot fjellene rundt, ned i dalen og ut fjorden. Det er fin sti med slak stigning mesteparten av veien, med et litt brattere parti helt mot toppen.

Nokre nettstader: 

https://www.woldstadgard.no/

https://www.romsdalseggen-camping.no/


Naturvernforbundet mottar støtte til fleire av aktivitetane frå Miljødirektoratet

Artikkelen ble sist oppdatert: 13.08.2019