Du er her:

Fråsegn til handlingsplanen for Energiregion Møre


Vermafossen i Rauma. Kraft eller natur? Foto: Naturvernforbundet
Naturvernforbundet har fått høve til å gi uttale til den nye strategiske handlingsplanen til Energiregion Møre. Det ligg også føre eit dokument med tittelen "Status og mulegheiter". Naturvernforbundet er svært kritiske til forslaget.
Naturvernforbundet har gått grundig gjennom dokumenta frå Møre og Romsdal fylke, og kjem med ei rekkje kommentarar og innspel.

Naturvernforbundet meiner kort oppsummert at det er store faglege hol i det grunnlagsarbeidet Møre og Romsdal fylke har gjort når det gjeld energisituasjonen. Dette fører til at Møre og Romsdal fylke argumenterer for store kraftutbyggingsprosjekt som verken er bra for miljøet eller for samfunnet. Derimot kan det tenkast at prosjekta ville gi store økonomiske tilskot til dei private selskapa som er medlemmer i styringsgruppa til Energiregion Møre.

Naturvernforbundet er nøgd med at Møre og Romsdal fylke vil arbeide for ei energiomlegging frå elektrisitet til varme, her har det allereie vist seg at det er mogleg å få konkrete resultat. Det er likevel mildt sagt merkeleg at Møre og Romsdal fylke kan lansere ein energi- og klimastrategi som ikkje tar for seg energieffektivisering. Er det mogleg at dette skuldast at energieffektivisering ikkje gir like store økonomiske tilskot til dei private selskapa i Energiregion Møre?

Leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal er Øystein Folden, telefon 91 81 25 42


Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen