Du er her:

Solfangarar på tak i borettslag i Bergen

Solfangarar på tak i borettslag i Bergen.

Fylkestinget ser svært alvorleg på kraftsituasjonen...

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Det seier fylkestinget i si fråsegn 8. desember. Så lister dei opp tiltak dei meiner regjeringa bør få fart på.

Det som Naturvernforbundet lurer på er om det ikkje finst ein einaste fylkestingsrepresentant som har høyrt om energieffektivisering? Slike tiltak er mellom dei raskaste og rimelegaste tiltaka vi kan gjere i den situasjonen vi er i. Mange tiltak kan til og med gjennomførast før ei eventuell vårknipe denne vinteren. Dessutan er dei negative verknadene jamt over svært små, og det er stort sett ikkje nødvendig med konsesjon og klagehandsaming i desse sakene. Sparte kilowattimar er dei rimelegaste og dei mest miljøvennlege vi kan få tak i.

Er det slik å forstå at sidan Naturvernforbundet peiker på dette som løysinga så har fylkestinget berre vald å sjå heilt bort i frå dette?

 

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Artikkelen ble sist oppdatert: 09.12.2010