Du er her:

oljeplattform

Foto: Statoil

Gode namn

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Det er godt vi har folk som er gode med namn. Etter oljefunn på felta med namn Skrugard og Havis har oljeministeren og mange andre stjerner i auga og ingen motførestillingar i blikket.  Olja skal opp.

Det er olje nok oppdaga frå før til å bringe kloden over i oppvarmingsgaloppen ingen veit kvar endar.  Skal ein unngå oppvarmingsproblemet, treng ein ikkje nye oljefelt og nye funn. Men det er vel pengane som kjem til å rå denne gongen også.

Godt då at nokon såg så langt fram i tida at vi kjem til å tale om Skrugard og Havis også i framtida, sjølv om ein må finne igjen gamle bilete for å finne ut kva namna peikar på.

Øystein Folden
Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
 

Artikkelen ble sist oppdatert: 09.01.2012